Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

UTDANNING OG KOMPETANSE

Nye LIS1 og sjukepleiarar øver saman

Uansett om du er nyutdanna eller har erfaring, er simuleringstrening med på å styrke teamarbeidet og bidreg til at samarbeidet fungerer godt når det blir alvor.

Publisert 13.09.2023
Sist oppdatert 23.10.2023
En person i en sykehusseng;
Læring gjennom simulering kan få teamarbeidet til å fungere godt når det blir alvor
Et par kvinner i hvite skjorter
Lisa Fylling og Janne Maurstad er ferske LIS1 og har deltatt på eit av HMR sine mange simuleringskurs og sitt igjen med ei god erfaring

Deltakar og LIS1 Janne Maurstad støttar kollegaen sin. Maurstad starta som LiS1 ved Ålesund sjukehus 1. september. -I dagens øving fekk  eg utfordra meg sjølv, og eg blei meir obs på kva eg kan forbetre. Det tryggar meg i arbeidet at vi har øvd på rutinene.  

Realistisk læring  
Under øvinga vart det nytta markør, dvs ein kollega som har pasientrolla. På denne måten blir øvinga meir realistisk, ein får normal interaksjon med pasienten og kan få tilbakemelding frå pasienten om korleis han opplever situasjonen.  

Oppmoder fleire til å delta 
-Som del av oppbygginga av dette prosjektet har eg fått vore med på mykje simulering rundt på alle sjukehusa i HMR og sett korleis det blir trena for å gi et likt tilbud til alle nye LIS1 hos oss. Simulering er ein viktig arena for å trene på teamferdigheter. Samtidig er det viktig med avsatt tid for å snakke gjennom erfaringane og læringsmåla etterpå. Det at vi er både legar og sjukepleiarar som øver saman gjer at vi blir betre kjent,  tryggare på kvarandre og våre ulike roller i samarbeidet rundt pasienten. Vi tilstreber at det er fasilitator fra både lege sjukepleiarprofesjon tilstades når vi øver saman. 

En mann som står i et rom
Overlege Kristoffer .Ø. Sand har vore med som fasilitator sidan oppstarten Simili

- Eg vil gjerne oppfordre fleire, spesielt legar, til å ta fasilitatorutdanning. Vi treng denne kompetansen for å kunne drive simuleringsaktivitet med høg kvalitet og godt læringsutbytte for alle som deltar. Om du er interessert i å vite meir om moglegheiter for kursing kan interesserte ta kontakt med meg, sin næraste leiar eller Elisabeth Forberg i VirtSim.  

-Det er svært viktig for oss at leiarane i HMR ser potensialet i simulering for å oppnå god kommunikasjon og trygg pasientbehandling, seier koordinator Elisabeth Forberg. Vi har no mange års eraring med simulering i HMR og har fått kompetanse til å drive målretta og god trening. Men det er avgjerande at det blir sett av tid for dei tilsette slik at vi kan bygge opp denne treningsforma vidare, avsluttar ho. 

En gruppe mennesker som sitter i et rom med datamaskiner
DEBRIEFING: Etter gjennomført øvelse setter teamet seg sammen og evaluerer simuleringsaktiviteten