Samarbeid med NTNU om AIO-masterprosjekt
Nyleg var tilsette frå Helse Møre og Romsdal på besøk hos NTNU Ålesund for å presentere aktuelle tema som anestesi,- intensiv-, og operasjonsstudentane kan skrive om i sine masteroppgåver.
Publisert 25.08.2023
Sist oppdatert 28.08.2023
Master i spesialsjukepleie (120 studiepoeng) består av praksisstudiar og teori. Sjølve masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng, kan tas over to semester, og dermed samtidig som klinisk arbeid.
Frå HMR deltok Elisabeth Sæther, jordmor og phd-stipendiat, Elin Molvær Dybvik, avdelingsleiar avdeling akutt, operasjon og intensiv, og utdanningssjef Guro Berge. Sistnemnde presenterte prosjekt på vegne av avdelingsleiar avdeling for nevrologi, øye og klinisk støtte Åse Hagen Morsund og Jorunn Sandvik frå Kirurgisk avdeling. Saman med forskingsgruppeleiarar ved NTNU la dei fram ulike prosjekt og problemstillingar som studentane kan bruke som utgangspunkt for arbeidet med masterprosjekt.
Tema som vart presentert frå HMR denne gongen var innan helselogistikk, INTACT-studien (BAROBS-prosjektet, og intensivbehandling ved nevrologiske tilstander. Andre tema er også aktuelle for disse studentane, og dei blei oppfordra til å ta kontakt og undersøke med næraste leiar.
-I forbindelse med INTACT-prosjektet ser vi at det er fleire ting vi kunne tenke oss å utforske nærare, men tida mi som stipendiat strekk ikke til, seier Elisabeth Sæther. Derfor håpar eg at nokon av masterstudentane kan tenke seg å sjå på noko av dette, f.eks foreldreopplevinga eller personalet sine erfaringar. Det er også ei anledning for meg å bidra litt med rettleiing, og ikkje minst styrke samarbeidet mellom HMR og NTNU
-Det er svært spanande å få lov å presentere aktuell tematikk for studentane. På denne måten kan vi bidra til at studentane velger masteroppgåver som vi meiner er klinisk relevante og nyttig for drifta i HMR, seier utdanningssjef Guro Berge.