UTDANNING OG KOMPETANSE
Samla legar i spesialisering til nasjonalt kurs i handkirurgi
Kurset gav eit breidt og innhaldsrikt innblikk i ulike problemstillingar som ortopedane kan møte i kvardagen. Arrangementet og kurslokala vart positivt mottatt, seier senterleiar og ortoped Andreas Dalen

Hendene våre er finmekanikk på sitt ypperste. Derfor er handkirurgi spesielt komplekst og krev høg kompetanse og mykje trening. Fem dagar i september møttest 45 LIS-legar frå heile Norge til nasjonalt kurs i hand- og revmakirurgi i Ålesund. Kurset var ein kombinasjon av førelesingar og praktiske sesjonar.
Senterleiar og ortoped Andreas Dalen seier kurset er ein obligatorisk og viktig del av utdanninga til ortopedar innan dei nemnde fagområda.
- Det er essensielt at vi har høg kvalitet på desse utdanningskursa for at neste generasjon av ortopediske kirurger skal få den kunnskapen dei treng i den kliniske kvardagen. Gjennom kurset fekk deltakarane både kunnskap og eit nettverk som er viktig vidare i karrieren deira, seier Dalen som gjennomførte den prakiske sesjonen på Kunnskapssenteret.

I tillegg gav kurset eit breidt og innhaldsrikt innblikk i ulike problemstillingar som ortopedane kan møte i arbeidskvardagen.
- Kurset er meint å dekke alle relevante problemstillingar innan desse fagområda. Døme på desse inkluderar amputerte fingrar, frostskadar, seneskadar, artrose eller medfødde deformitetar, fortel Morten Eikrem, som er ansvarleg arrangør saman med Tor-Johannes Stray Slørdahl.
Kurset har vore arrangert i Ålesund i nokre år tidlegare, mellom anna ved patologens lokale i kjelleretasjen på Ålesund sjukehus. I år flytta kursleiarane kurset til dei nye lokala til Kunnskapssenteret Ålesund sjukehus.
At kurset vert arrangert i byen og dei nye lokala har betydelege gevinstar for sjukehuset og helseføretaket.

- At vi har dette kurset i Ålesund og på vårt eget sykehus gir mange positive ringvirkninger. Det er engasjerende for avdelingen, vi får et løft i kunnskap og gode kontakter med miljøet ellers i Norge. Det er også viktig for å vise fram sykehuset og regionen for framtidig rekruttering av kommende ortopediske kirurger, både LIS og overleger.
På sjukehuset får deltakarane delta i praktiske anatomitrening sesjonar i det nye Ålesund Biomechanics Lab/Kunnskapssenteret.
- Vi håpar å kunne behalde dette som eit fast kurs i Ålesund, avsluttar Dalen.
