Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utdanning og kompetanse

Viktig vidareutdanning av stråleterapeutar

Victoria Rye Meisler fullførte i 2024 ei utdanning som stråleterapeut med utdanningsstøtte frå HMR. Seksjon for utdanning og kompetanse har tatt ein prat med henne og Nils-Eivind Skottner, leiaren for stråleterapiavdelinga, for å høyre om deira erfaringar og korleis dette har påverka både Victoria og avdelinga.

Publisert 02.12.2024
Sist oppdatert 27.02.2025
En person som smiler foran en busk

Styrkar pasienttryggleiken

Victoria fortel at motivasjonen for å søkje støtte til utdanninga kom frå sterk interesse for medisinsk teknologi og eit ynskje om å bidra til kreftbehandling. Støtta frå arbeidsgjevaren gjorde det mogleg for henne å realisere denne draumen. Utdanninga har vore både intensiv og givande. Victoria har lært mykje om avanserte strålebehandlingsteknikkar og pasientomsorg, noko ho no tek med seg inn i arbeidet. Victoria er takknemleg for at HMR investerer i utdanning, og får enda meir motivasjon til å yte sitt beste og bidra til avdelinga si suksess.

 

En mann og en kvinne som ser på en maskin
Vidareutdanning er essensielt for framtidig behandling, då nye teknikkar krev at alle er oppdaterte.

 

Vidareutdanninga har hatt ein positiv innverknad på avdelinga

Seksjonsleiar Nils-Eivind Skottner forklarar at nye teknikkar og prosedyrar har blitt introduserte, noko som har forbetra både effektiviteten og kvaliteten på behandlinga dei tilbyr. Til dømes har implementeringa av nye rutiner for strålebehandling redusert biverknader og forbetra pasientane si livskvalitet. Dette har også ført til redusert ventetid for behandling og auka nøyaktigheit, noko som gir betre behandlingsresultat. Samarbeidet mellom kollegaene har blitt styrka, då dei tilsette med denne utdanninga deler av sin kunnskap og erfaring med resten av teamet, noko som hevar kompetansenivået i heile avdelinga.

En mann som sitter ved et skrivebord og ser på en dataskjerm
Kompetanseutvikling er ei viktig investering for å behalde og vidareutvikle kompetansen i avdelinga, noko som gir betre pasientbehandling og sikrar at dei er oppdaterte på nye behandlingsteknikkar.

 

Kompetanseutvikling er ei viktig investering

Frå arbeidsgjevaren sitt perspektiv var grunngjevinga for å støtte denne utdanninga klar. Nils-Eivind Skottner seier at behovet for stråleterapeuter er like stort over alt i landet, men det er ofte mer utfordrande å rekruttere til dei mindre byene. Derfor er det viktig å utdanne eigne tilsette. Kompetanseutvikling er ei investering for å behalde og vidareutvikle kompetansen i avdelinga, noko som også gir betre pasientbehandling og sikrar at dei er oppdaterte på nye behandlingsteknikkar. Vi har vore både heldige og dyktige med lav turn-over i seksjonen, men det vil nok truleg verte behov for fleire stråleterapeutar både på kort og lang sikt også i Ålesund. Tilbod om vidareutdanning og fagleg utvikling vil difor vere særs viktig også i åra som kjem

– Pasientane  våre opplever tryggleik ved å vite at alle tilsette har både formell og reell kompetanse på plass. Vidareutdanning er essensielt for framtidig behandling, då nye teknikkar krev at alle er oppdaterte. Skottner håpar at vidareutdanninga også vil fokusere på scripting og utvikling av KI-modellar for å møte framtidas utfordringar.