Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Følge- og beredskapsteneste for Nordmøre og Romsdal

Viktig informasjon til fødande frå kommunane Aure, Smøla og Heim.

Publisert 28.12.2022
Sist oppdatert 28.04.2025

No som fødeavdelinga for Nordmøre og Romsdal har flytta til SNR Hjelset, er det nokre endringar i korleis møte- og følgetenesta ved fødeavdelinga er organisert. Møtetenesta har eit spesielt ansvar for fødande som har meir enn 90 minutt reiseveg.

Du skal framleis gå til vanlege kontrollar hos kommunejordmor og/eller fastlege, i tillegg til standard ultralyd på sjukehuset i veke 18/19.

Kven kan bruke følge- og beredskapstenesta?

Fødeavdelinga ved SNR Hjelset er ansvarleg for organisering og drift av møte- og følgetenesta for fødande med reiseveg på meir enn 90 minutt, som har planlagt å føde ved SNR Hjelset.

Tilbod om hotellopphald

Dei med lang reiseveg vil få tilbod om kostnadsfritt opphald på hotell inntil 7 dagar før termin. Du vel sjølv når du vil nytte dette tilbodet innanfor dei 7 dagane, og partnar kan vere med om det er aktuelt. For bestilling, kontakt fødeavdelinga.

Til deg som har valt å føde på SNR Hjelset

Ved behov kan du kontakte fødeavdelinga ved SNR Hjelset. Der vil du komme i kontakt med ei jordmor som kan vurdere og gi rettleiing til deg som fødande over telefonen. Sidan eit fødselsforløp er veldig individuelt, vil det vere ulike vurderingar av kor akutt situasjonen er.

I ein akuttsituasjon: Ring 113.

Alternative vurderingar du kan møte:

  • Vente litt lenger heime? Jordmor svarar på spørsmål du måtte ha.
  • Jordmor på føden vurderer saman med deg om det er behov for jordmor i møte. Vaktjordmor vil bistå med møteteneste til sjukehus om det skulle oppstå behov for det.
  • Jordmor rykker ut frå fødeavdelinga ved SNR Hjelset, og møter den fødande med ambulanse/ambulansebåt og følgjer den fødande til fødeavdelinga.
  • I heilt spesielle situasjonar kan vi rekvirere luftambulanse.

Til deg som har valt å føde på St. Olavs hospital

Dersom du har valt å føde på St. Olavs hospital, kan du nytte deg av Orkland-beredskapen, ei følgeteneste i Orkland kommune. Dette er avtalt med St. Olavs hospital.

Følgetenesta i Orkland har telefonnummer: 90 90 90 65.
I ein akuttsituasjon: ring 113.

Har du spørsmål?

Vi er opptatt av at du skal føle deg trygg og ivaretatt. Har du spørsmål, kan du kontakte fødeavdelinga direkte på telefon 71 11 63 40.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er det nye fellessjukehuset for innbyggarane på Nordmøre og i Romsdal. Akuttsjukehuset og psykiatri- og habiliteringsbygget ligg på Hjelset, ca 17 km aust for Molde sentrum og ca 54 km sør for Kristiansund sentrum.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.