Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Medisinsk avdeling, Ålesund

Vi tilbyr diagnostikk, behandling og pleie til pasientar med indremedisinske sjukdommar.

Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den består av 3 sengepostar:

  • Medisin 1 telefonnummer: 70 10 56 40
  • Medisin 2 telefonnummer: 70 10 57 90
  • Medisin 5 telefonnummer: 70 10 58 85.

Vi har også poliklinikkar til alle fagområda i tillegg til dialyse.

Avdelinga har spesialistar innan følgjande område

  • Alderdom og slag
  • Blodsjukdommar
  • Fordøyelsessystemet
  • Hjartesjukdommar
  • Infeksjonssjukdommar
  • Lungesjukdommar
  • Nyresjukdommar
  • Stoffskifte 
  • Diabetes



Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk avdeling har fleire poliklinikkar og sengepostar. Sjå UNDERLIGGANDE EININGAR for oppmøtestad. 
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

​Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, som viser kva medisinar du bruker.

​Dersom du går ut av avdelinga må du på førehand avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønskjer det, og behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.

​Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tar ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.

      Kurs og møter

      • Kols - Ålesund
        Kurset er for deg som har fått diagnosa kols. Pårørande er velkomne til å delta på kurset
        Kols - Ålesund
        Dato kjem