Barn og unges helseteneste
Råd til foreldre
Om du er bekymra for barnet ditt er det som regel ein grunn til det. Tidleg hjelp kan auke sjansen for at barnet ditt blir raskare bedre.
Ta kontakt med helsesjukepleiar, psykisk helsehjelp i kommunen eller fastlegen. Dei kan hjelpe deg.
Det er naturleg å vere usikker på om bornet ditt har behov for hjelp eller ikkje. Dersom du ønsker nokon å snakke med om bekymringa di kan du ta kontakt med helsesjukepleiar eller fastlegen til barnet/ungdomen. Dei kan gi deg råd om kva som er lurt å gjere og kva som er god hjelp for plagene barnet ditt har.
Kommunen har ansvar for å gi psykisk helsehjelp til barn og ungdom, men tilbudet er ofte ulikt organisert i dei forskjellige kommunane. Du finn informasjon om det psykiske helsetilbodet i kommunen på deira heimeside.
- Informasjonsside om kor born og unge sjølv kan få hjelp
- Tilbod til pårørande (Helsenorge)
- Pårørandesenteret.no
Det fins også andre pårørandesenter og pårørandeorganisasjoner med høg kompetanse i å støtte og rettleie dei som står nærast