Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Osteoporosepoliklinikken Kristiansund

Vi tilbyr konsultasjonar der vi kartlegg livsstil og risikofaktorar for beinskjørheit, såkalla osteoporose. Dette er eit behandlingstilbod til pasientar over 50 år, for å fange opp lågenergibrot. Vi ønsker å unngå at pasientar havnar på operasjonsbordet etter brot i hofte, handledd eller rygg etter fall frå eiga høgde.

For å redusere risikoen for nye brot finst det veldokumentert behandling. Dette ønsker vi å hjelpe deg med. Ved Kristiansund sjukehus har vi Ostoporosepoliklinikken som blir drive av sjukepleiar og lege. Desse vil kartlegge om du er beinskjør, gi kosthald- og aktivitetsråd, og vurdere oppstart av behandling.

For å kunne gi mest mogleg riktig behandling tar vi blodprøver av deg, og det er ønskeleg med ei beintettleiksmåling, såkalla DXA-måing. Dette er ei røntgenundersøking med lite strålebelastning. 

Ønsker du å bli vurdert og få behandling for din osteoporose? Ta kontakt med inntakskontoret på telefon  71 12 19 95, så avtalar vi ein time.   

Kontakt

Telefon

Telefontid 08.30–10.15 kvar måndag og onsdag, pluss fredag i partalsveker.

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

2. etasje. Du finn oss i lag med ortopedisk poliklinikk. 
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund