Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Medisinsk avdeling Volda

Vi tilbyr diagnostikk, behandling og pleie til pasientar med indremedisinske sjukdommar.  Medisinsk avdeling i Volda bestend av ein medisinsk sengepost, medisinsk poliklinikk, medisinsk intensiv og dialyse.

Vi har spesialistar innanfor følgjande områder

  • Hjertesjukdommar
  • Diabetes og stoffskiftesjukdommar
  • Lungesjukdommar
  • Mage- og tarmsjukdommar
  • Blodsjukdommar- og medisinsk kreftbehandlingar
  • Nyresjukdommar og dialyse
  • Alderssjukdommar (geriatri)
  • Slag


 

Visittid for besøkende: Kl. 17.00 - 19.00.  Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet. Vi ber om at tiden blir overholdt av hensyn til medpasientar.
 

For å kommunisere godt med dine pårørande ber vi om de blir einige om ein person som vi kan ha kontakt med. Vi anbefaler at pårørande ringer oss mellom klokka 12:00 og 14:00. Då skal vi vere tilgjengelege og gi best mogeleg informasjon. Pårørande kan også vere med på legevisitten, dersom du synest det er greitt.  

 

Det er viktig at du tar med deg ei oppdatert medisinliste, med oversikt over kva medisinar du brukar.

 

Ta med behagelege klede, innesko og toalettsaker. Sjukehuset tek ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med.


 

Dersom du går ut av avdelinga må du på førehånd avtale dette med pleiepersonalet. Om du ønsker det, og behandlande lege tillet det, kan du får permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjonar må du dekke sjølv.


 

Kontakt

Telefon

Om du vil snakke med ein sjukepleiar kan du ringe oss mellom kl 12.15 og 14.00
Om du vil snakke med ein sjukepleiar kan du ringe oss mellom kl 12.15 og 14.00

Slik finn du fram

En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

      Kurs og møter

      • Hjerterehabilitering - Volda
        Tverrfagleg oppfølging for deg som har hatt hjarteinfarkt, har fått utført bypass operasjon, blokka/stenta kranseåre eller påvist avleiring i kranseårene.
        Hjerterehabilitering - Volda
        Dato kjem
      • KOLS - Volda
        Kurset er for deg som har fått diagnosa KOLS. Pårørande er velkomne til å delta på kurset.
        KOLS - Volda
        Dato kjem