Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Arbeidsretta rehabilitering (ARR)

Arbeidsretta rehabilitering er eit tilbod til personar med muskel- og skjelettlidingar og sammensatte lidingar, som står i fare for å bli eller er sjukemeldt frå jobb eller studiar. Tilbodet er gruppebasert, men individuelt tilrettelagd til kvar enkelt. Eit av måla er at deltakarane skal komme seg heilt eller delvis ut i arbeidslivet igjen, og det er vesentleg at du er motivert for dette. Tilbodet egner seg ikkje for personar med pågåande alvorleg psykisk lidelse og/eller rusavhengighet.

Arbeidsretta rehabilitering kan foregå som poliklinisk tilbod eller døgntilbod.

Slik er tilbodet lagt opp

  • 5-døgnsopphald (måndag til fredag). Mot slutten av opphaldet vil du, saman med det tverrfaglege rehabiliteringsteamet, lage ein rehabiliteringsplan med mål og tiltak. Denne planen skal vere styrande og i fokus i heimeperioden.
  • Heimeperiode på ca 3-5 veker som vi skreddarsyr med aktuell poliklinisk oppfølging etter behov. Dette kan vere gruppetrening, individuell trening/rettleiing med terapeut, oppfølging med rehabiliteringskoordinator og/eller samtalar med psykistrisk sjukepleiar. Dei som bur i rimeleg avstand til senteret, får tilbod om å komme fysisk hit for oppfølging. Andre får tilbodet digitalt. 
  • Nytt 5-døgnsopphald. Mot slutten av opphaldet vil du, saman med det tverrfaglege rehabiliteringsteamet, vurdere kva type poliklinisk oppfølging som er aktuell for deg.
Digital eigenregistrering er ein del av oppfølginga, slik at du enkelt kan gi nødvendig informasjon til oss om tilstanden din i samband med rehabiliteringa og oppfølginga. 

Tilvising og vurdering

Fastlege eller spesialistlege sender tilvising.

Tilvising frå sjukehus eller fastlege må sendast elektronisk* via journalsystemet til:

Helse Møre og Romsdal HF
Fysikalsk medisin og rehabilitering (Ålesund)
Postadresse 6026 Ålesund 

Tilvisingane må sendast innan måndag kl 15.00 for å bli behandla i inntaksnemnd tysdagar. 

Tilvisinga må innehalde opplysingar om
  • Mål for opphaldet
  • Kva type opphald det blir søkt om
  • Aktuelle funksjonsvanskar og diagnose
  • Kva som er prøvd av tidligare behandling, og kva som er noverande behandling/oppfølging
  • Legg ved Individuell Plan, ev. rapport frå andre faggrupper som pasienten mottek tilbod frå, f.eks. heimebasert omsorg, psykisk helse, fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped
* Om du ikkje har moglegheit til å sende elektronisk, kan tilvising sendast per post:

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF
Ålesund sjukehus
Felles inntaksnemnd ved
Fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund

Før

Gruppetilbodet er i stor grad brukarstyrt. Det vil seie at deltakarane er aktive i eigen rehabiliteringsprosess, og kvar enkelt sin motivasjon og innsats er heilt avgjerande for grad av måloppnåing. 

For å få størst mogleg utbytte, er det viktig at du på førehand har tenkt gjennom kva du ønsker å oppnå med å delta på gruppeopphaldet. For å hjelpe til med dette, har vi eit digitalt «gruppemøte» før opphaldet, der vi samlar dei som skal kome til Aure rehabiliteringssenter og litt om blant anna mål, motivasjon og ansvar.

Kartlegging før opphaldet

Som ein del av førebuinga har nevrolog videokonsultasjon, evt. telefonsamtale, med alle før innkomst. Deretter er det kartlegging med rehabiliteringskoordinator og/eller fysioterapeut/ergoterapeut. Dette skjer anten fysisk eller via videokonsultasjon. Vi kartlegg ulike faktorar som har innverknad på helsa, for eksempel personlege faktorar, miljø, aktivitet- og deltakingsfunksjon og kroppsfunksjon. Vi har ekstra fokus på arbeidsdeltaking. 

Du kan bli bedt om å ta med dokumentasjon frå tidlegare utgreiingar og/eller behandlingarTa med oppfølgingsplan frå NAV viss du har. Det er viktig at du tar med oppdatert medisinliste når du kjem til Aure rehabiliteringssenter.

Digital eigenregistrering med CheckWare

Før du kjem til Aure rehabiliteringssenter må du gjennomføre digital eigenregistrering. Du mottar ein SMS med innloggingslenke til dei skjemaa du skal svare på. 

Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten, med elektronisk ID. Skjemaa blir fyltut på ein sikker nettportal, levert av leverandøren CheckWare. 

Svara dine blir fortløpande lagra. Dersom du må avbryte, kan du fortsette besvarelsen seinare. Når du er ferdig, trykker du «levér».  

Under

Arbeidsrettet rehabilitering (ARR) kan foregå som dag- eller døgntilbod.

Under 5-døgnsopphalda vil du få individuell oppfølging med tverrfaglege rehabiliteringsteam. Det blir individuell behandling med fysioterapeut, og dei som har behov for det vil også få individuell oppfølging frå fysioterapeut, osteopat eller psykistrisk sjukepleiar. Vi forventar dessutan at alle følger opp med aktuell eigentrening. 

Vi har også ulike temaundervisningar som omhandlar blant anna fysisk aktivitet ved langvarig smerte, samanheng mellom kropp og psyke, smertefysiologi og smertemeistring, helse/uhelse og dataplassergonomi. 

Vi har aktive grupper med bassengtrening, psykomotorisk bevegelsesgruppe og -fotgruppe, mediyoga og avspenning. Bassenget kan nyttas på kveldstid viss det er minimum 3 badende.

Etter

Etter det siste 5-døgnsopphaldet vil pasienten saman med sitt tverrfaglege rehabiliteringsteam vurdere kva type poliklinisk oppfølging, fysisk og/eller digital, som er aktuell. Ved behov kan vi delta på fysisk eller digitalt møte med NAV, fastlege og arbeidsgivar. Vi har moglegheit til å følge deg opp i 3 månader etter opphaldet hos oss.

Det er også digital eigenregistrering på avreisedagen etter det andre opphaldet hos oss, og 6 og 12 månader etterpå. Du vil motta eit nytt varsel på SMS når det er tid for ny eigenregistrering.

Illustrasjonen under viser korleis sjukehuset følgjer deg opp basert på digital eigenregistrering.
Flytskjema for digital eigenregistrering Arbeidsretta rehabilitering

Det er digital eigenregistrering før opphaldet, ved avreise,  6 og 12 mnd etter opphaldet hos oss. 

Kontakt

Aure rehabiliteringssenter Aure rehabiliteringssenter
Ventetid: 10 uker

Ventetid: 10 uker

Kontakt Aure rehabiliteringssenter

Oppmøtestad

Bergsvegen 38

På oppsida av Aure rehabiliteringssenter med sjøutsikt.

Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter

Bergsvegen 38, 6690 Aure

Ventetid

10 uker til innleggelse, gruppetilbud

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på Aure rehabiliteringssenter skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på senteret. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på Aure rehabiliteringssenter. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved Aure rehabiliteringssenter. 


​Her er ei liste over utstyr du må ta med deg til opphaldet:

  • Medisinane dine, for heile opphaldet
  • Toalettsaker
  • Turklede til all slags vêr
  • Treningsklede
  • Sko til inne- og utandørsbruk
  • Badetøy
  • PC eller nettbrett (for bruk i opplæring om korleis du kan delta på aktuelle digitale treningsgrupper)