Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Digital heimeoppfølging av for tidleg fødde og sjuke nyfødde

Nyfødt intensiv tilbyr digital heimeoppfølging av for tidleg fødde og sjuke nyfødde som kan reise heim tidleg og framleis vere under oppfølging av sjukehuset via digital kommunikasjon. Behandlinga blir også omtala som NAST (Nyfødt intensiv ambulerende sjukepleieteneste).

Digital heimeoppfølging er ein del av eit innovasjonsprosjekt. Dei digitale løysingane er under utvikling og utprøving, og vil gradvis innførast saman med videokonsultasjon og egenregistreringer, for trygg og god oppfølging av barn og familiar som nyttar seg av tilbodet om heimesjukehus.

Målgruppa er for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn frå heile Møre og Romsdal, som har langvarig sjukehusopphald med behov for vedvarande oppfølging av spesialisthelsetenesta.

Vi veit at dei yngste pasientane våre og familiane deira har langvarige sjukehusopphald som opplevast svært belastande, spesielt med tanke på logistikk og å vera lenge borte frå søsken og foreldre heime. Heimesjukehus brukar digital kommunikasjon for å understøtte ei trygg og tidleg overføring til heimen.


Illustrasjon av utstyr som brukes i virtuelt hjemmesykehus

Kven passar tilbodet for?

For tidleg fødde barn som er medisinsk stabile, men som har behov for oppfølging i spisetreningsfasen. Barnet har snudd i vekt og begynt å spise litt sjølv, men trenger fortsatt påfyll av melk i ernæringssonden. Men tilbodet passer også for andre nyfødde som har behov for støtte og ekstra oppfølging.

Før

Før heimreise har sjukepleiar samtaler med foreldre der vi avklarar familien sitt behovet for å føle tryggleik ved digital heimeoppfølging. Før overføring til heimesjukehus må alderen til barnet være over 34 veker og barnet må være klinisk stabilt. Ansvarleg barnelege skal godkjenne barnet for tidleg heimreise.
 
Pasientsikkerheit er i fokus og foreldra får opplæring i sondenedlegging og trygg håndtering av denne. Det blir gitt teoretisk og praktisk gjennomgang i HLR til barn. Opplæring i bruk av digitale kommunikasjonsverktøy blir gitt og testa før heimreise.  Foreldra får låne nødvendig utstyr som vekt og brystpumpe gratis, og henta ut forbruksartiklar til sondemåltida frå apotek.  
 
Tilbodet er frivillig og familien har rett til retur viss foreldra ønsker det, også etter vurdering av lege. Det må vere to omsorgspersonar i heimen, og begge får pleiepengar under heile oppholdet i heimesjukehus/ NAST.
 
 

Kva inneber det for foreldre å reise heim med digital heimeoppfølging?

Foreldra må ønske tidleg heimreise og føle seg trygg på eigen meistring i oppfølging av barnet. Foreldre til små barn kan oppleve uvisse om helsetilstanden til barnet og kva som er faresignal og korleis dei kan handtere dette heime. Digital heimeoppfølging vil gi foreldra ei moglegheit til å bidra i behandlingsplanen til barnet, fremme eigen meistring og ein blir ekspertar på barnet sitt. Opplæring av foreldre og oppfølging av tilstanden til barnet skjer jamleg via digital heimeoppfølging, opptil tre gonger pr veke. Ved digital heimeoppfølging blir det også gitt tilbod om felles videomøte med helsesjukepleiar i kommunen for vidare oppfølging.

Observasjonar heime

Foreldra veg barnet dagleg eller før videokonsultsjonar, tre gongar pr veke. NAST sjukepleiar vurderar vektauken i lag med foreldra, og i tillegg  vektlegg at foreldra lærer å tyde barnets signal om svolt, metthet og trivsel, og brukar desse signala til å vurdere om barnet får tilstrekkeleg med mat.
Vi ønsker å vite kva barnet får av ernæring, ammefrekvens, flaske- eller sondemåltid. 

Under

Digital eigenregistrering ved heimesjukehus (NAST) 

Vi brukar eigenregistrering i ein digital nettportal (CheckWare) av mellom anna vekta til barnet, kor mykje barnet har ete mm.  På denne måten får vi som følgjer opp barnet nyttig informasjon og kan betre følgje med på utviklinga til barnet. Det er ein av foreldra som har ansvar for å logge seg på og registrere opplysingane.
 

FRAMGANGSMÅTE

  1. Du får SMS med lenke til innloggingssida når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal
  2. Når du loggar inn første gang får du informasjon og ei orientering om digital eigenregistrering. Ved neste SMS blir du lenka direkte til innlogging og registrering.
  3. Du får ein ny sms dagleg klokka 09. Her registrerer du avtalte målingar (vekt, måltidsmengde mm) frå siste døgn, frå klokka 09:00 til 08:59. Nettovekt skal takast før måltid og utan klede.
  4. NAST-sjukepleiar går gjennom svara dine, og ut frå desse blir vidare anbefalingar vurdert
  5. Du får tilbod om videokonsultasjonar med NAST-sjukepleiar tre faste dagar i veka, måndag, onsdag og fredag. Der går vi gjennom dei digitale registreringane og avtaler vidare tiltak.

De kan under heile perioden ringe nyfødt intensiv viss de har spørsmål.

Etter

Ved avslutning av digital heimeoppfølging får du utskrivningssamtale med sjukepleiar for eventuell vidare oppfølging. Familiane leverer inn lånt utstyr og får tilsendt ei lenke der vi spør om evalering i ei spørjeundersøking. Spørjeskjemaet handlar om opplevingane til foreldra ved bruk av digital heimeoppfølging. 

Innovasjon - kvalitetsutvikling

Familiar til barn med for tidleg fødde eller til sjuke nyfødde barn som ønsker å bruke digital heimeoppfølging, blir bedt om å samtykke til bruk av informasjonen frå digital heimeoppfølging til kvalitetsutvikling. Dette for at vi skal kunne evaluere og vidareutvikle behandlingstilbodet innan digital heimeoppfølging for barn.

Alle data blir anonymiserte etter avslutta prosjekt og kan ikkje identifiserast. Erfaringane vil òg nyttast til å vidareutvikle moglegheiter for å utvikle tilbodet til større barn.

Følgjande forskingsspørsmål blir undersøkte:

  • Tryggleik under bruk av heimesjukehus
  • Ernæringsutvikling og ammefrekvens
  • Brukargrensesnitt
  • Liggetid under heimesjukehus

Kontakt

Ålesund sjukehus Nyfødt intensiv

Kontakt Nyfødt intensiv

Oppmøtestad

Nyfødt intensiv finn du ved barneavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. ​

Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid

Poliklinikkinngangen er stengt

20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. 

Inngang A til psykiatribygget er stengt

9. september 2024 stengde vi inngang A ved psykiatribygget (Åsehaugen 7a). Pasientar, pårørande og andre besøkande skal bruke inngang på austsida for å kome til psykiatribygget (punkt 13 på bildet). Tilkomst via gangsti frå hovudinngangen (Åsehaugen 5d) på sjukehuset.  

Kart
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Gul markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Alderspsykiatrisk døgn
Åsehaugen 7C
Alderspsykiatrisk poliklinikk
Åsehaugen 7B
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Inngangen er midlertidig stengt i samband med byggearbeid. Bruk inngang på austsida av bygget. Tilkomst via gangsti ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

Foreldre/føresette kan vere med barnet på sjukehuset. Éin kan overnatte. Søsken og andre i familien kan kome i spesielle tilfelle. Dette kan du avtale med sjukepleiar eller lege på sengeposten.  
 

​Sjukehuset dekker kostutgifter til mor og dei fedrene/partnarar som har krav på pleiepenger

​Mobiltelefonen skal vere på «lydlaus» og det er viktig å desinfisere telefonen før den blir tatt inn på pasientrommet. Hugs at barnet treng merksemda di. Av omsyn til barna i avdelinga ønsker vi minimal bruk av mobiltelefonar.

​Ein forelder har krav på å få dekt overnatting så lenge barnet er innlagt på sjukehuset. I utgangspunktet gjeld dette overnatting på pasienthotellet. Så lenge far/partner har rett på pleiepengar blir det søkt å dekke overnatting til begge. 

Når barnet er stabilt nok til familierom, og det er ledig kapasitet, overnattar de her saman med barnet.


​Alt personale ved avdelinga har teieplikt. Vi svarer difor ikkje på spørsmål om barna frå familie eller vennar utan samtykke frå familien. Under legevisitten har vi hovudtelefonar de kan ha på når det er visitt hos dei andre barna på rommet.

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.