Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Epilepsioppfølging - digital eigenregistrering

Pasientar som får oppfølging for epilepsi i nevrologisk poliklinikk i Molde har moglegheit til å registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved innlogging på ein digital nettportal.

Behovstyrt oppfølging i Helse Møre og Romsdal

Under finn du ein nyttig informasjonsfilm om oppfølginga. Vi anbefaler at du ser denne om du ønsker informasjon om tilbodet, samt før du loggar deg inn for å gjennomføre eigenregistrering for første gang.
Behovstyrt oppfølging i Helse Møre og Romsdal
En svart smarttelefon med en fargerik skjerm
Ved nevrologisk avdeling i Molde tilbyr vi oppfølging med regelmessige kontrollar på poliklinikken for alle som har epilepsi. Vanlegvis har vi tilbode slike kontrollar ca ein gang i året. For nokon blir det for sjeldan, for mange opplevast mange slike kontrollar unødvendige fordi alt er i orden.
 
Nevrologisk avdeling i Molde tilbyr derfor no digital brukarstyrt oppfølging av epilepsi som eit alternativ til ordinær poliklinisk oppfølging. Dette gir deg som pasient moglegheit til å vere med på å styre når og korleis oppfølging av epilepsien din skal skje. Oppfølginga blir tettare og til rett tid, men du treng nødvendigvis ikkje å møte opp til poliklinisk time kvar gang. 
 

 

Før

Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering når du har ordinær time på poliklinikken til sjukehuset. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, men likevel er interessert i denne typen oppfølging, ta kontakt med nevrologisk ekspedisjon Molde sjukehus på tlf 71 12 04 87.
 
Dette er ikkje ei løysing for umiddelbar hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar. 

Under

  1. Du får SMS med lenke til innloggingssiden når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal, levert av underleverandøren til sjukehuset, CheckWare
  2. Når du har logga inn får du eit digitalt spørreskjema med 40 spørsmål rundt livskvalitet, anfall og behandling. Dette skal du fylle ut ein gang kvar 4. månad
  3. Epilepsisjukepleiar går gjennom svara dine, og ut frå desse blir du ved behov kontakta per telefon for utfyllande vurdering eller du blir sett opp til legetime. Dersom det ut frå svara ikkje kjem fram forhold som krev vidare vurdering, høyrer du ikkje noko frå oss før du får nytt skjema fire månader seinare. Då oppfattar vi at tilstanden din er stabil og tilfredsstillande.
  4. Ved behov kan du kontakte oss direkte gjennom innlogging på di side òg utanom dei kvartalsvise skjemaa

Etter

Du står fritt til å avbryte den digitale oppfølginga og gå tilbake til ordinær oppfølging i nevrologisk poliklinikk når du måtte ønske det. Ta kontakt med oss dersom du ikkje lenger ønsker tilbodet om digital eigenregistrering.   

Kontakt

Molde sjukehus Nevrologisk poliklinikk Molde

Kontakt Nevrologisk poliklinikk Molde

Logg inn i CheckWare

Svar på spørreskjema

Oppmøtestad

Molde: Poliklinikken er lokalisert både i 5. etasje ved Molde sjukehus og ved Byfogd Motzfeldts gate (Høvding) i Molde sentrum. 

SNR Hjelset: 4. etasje fløy F (4F). 

Molde sjukehus

Molde sjukehus

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Transport

Pasientreiser

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss til sjukehuset

Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.

FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/

PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/

Fly

Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.

Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.

Parkering 

Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering. 

 

Det er gratis å parkere ved SNR Hjelset fram til 1. juni 2025.

Diagram
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset, omtrent 5 minutt å gå til hovudinngangen. 

Helse Møre og Romsdal er i ferd med å få på plass Mazemap, eit kart som hjelper deg å finne fram både inne og ute på sjukehuset. Førebels er det lagt til ein del fellesområde, men også avdelingane vil kome inn her etter kvart. 

Sjå parkeringsområda for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal i Mazemap.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

Kafé SNR

Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst. 

Opningstider

Mandag - fredag: kl 9:00-20:00

Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00

 

Kiosk

Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.  

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.