6 minutt
Gangtest
Under ein gangtest måler vi kor mange meter du klarer å gå på flatt underlag i 6 minutt. Vi måler oksygeninnhald i blodet, puls og grad av kor tungpusten du er når du kviler under og etter testen.
Før
Du skal vere utkvilt før du tar testen. Faste medisinar skal du ta som vanleg. Dersom du brukar luftvegsutvidande medisinar, skal du ta den før testen.
Du kan bruke dine vanlege ganghjelpemiddel, for eksempel rullator. Dersom du brukar oksygenutstyr til vanleg, kan du også bruke det under testen. Du skal sitte på ein stol og slappe av nokre minutt før gangtesten.
Under
Du blir spurt om grad av tungpusthet. Du skal gå oppmålt lengde, frem og tilbake, så langt som du klarer på denne tiden. Du skal ikke snakke når du utfører testen.
Under testen går du med et pulsoksymeter på fingeren. Det måler oksygeninnhold og puls. Du kan å senke farten, stoppe og eventuelt sette deg ned hvis du har behov for det.
Etter
Du skal sitte å kvile på ein stol nokre minutt etter gangtesten. Du får spørsmål om grad av kor tungpusten du er. Resultatet av testen blir vurdert av oss.
Ver merksam
Vanlegvis innberer ikkje testen nokon risiko.