Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Vedlikehald og stell av høyreapparat
Her finn du våre filmar og skildringar om vedlikehald og stell av høyreapparat.
Oppladbare høyreapparat
Høyrselssentralen Ålesund sjukehus
Oppladbare høyreapparat
Det er berre apparat som ligg bak øyret som kan ladast (BTE,RITE)
Dei ulike leverandørane har alle sine høyreapparatmodellar og ladarar
Ladast ein gong i døgnet (3 timar = fullada), gjerne om natta.
100 % fullada = 20-24 timar brukstid avhengig av tid brukt på streaming.
Slår seg automatisk av når dei blir sett i ladar
Varierer om dei slår seg automatisk på eller om dei må slåast på av brukar. Sjå bruksanvisning for ditt apparat.
Teleslynge er ikkje tilgjengeleg på alle.
App-ar
Erstattar fjernkontroll
Enkel utforming
Justering i ulike lyttesituasjoner
Tilgjengeleg for både Android og iPhone
Følg med for oppdateringer
Reingjering
For rengjering kan du sjå film eller skildring for din type høyreapparat på denne sida.
Tørkeboks
Dei fleste ladarane har ein tørkefunksjon. Apparata varmast opp når dei ladar og tørka dermed.
BTE høyreapparat
Høyrselssentralen Ålesund sjukehus
Bak øyret høyreapparat
Skifte slange
Dersom slangen er hard eller gul må den bytast, då dette har betyding for lyden. Slangen bør bytast ca. kvar tredje månad. Ta kontakt med høyreapparatfirma for å bestille slangar
Ta først av den gamle slangen frå høyreapparatet og proppa.
Bruk den gamle slangen til å måle lik lengde på den nye slangen. Klipp og fest på den nye slangen på proppa og høyreapparatet.
Gjer rein proppen
Det er individuelle skilnader på kor ofte proppa må reingjerast. Vi anbefalar å reinse den ca. kvar andre veke.
Tørk gjerne av proppen kvar kveld med ein tørr klut.
Ta først proppen av slangen og apparatet.
Legg så proppa i lunka vatn med mild såpe eller med ein reinsetablett.
Sørg for at proppa er heilt tørr før du set den tilbake på høyreapparatet. Bruk gjerne blåseballong i dei to kanalane.
RITE høyreapparat
Høyrselssentralen Ålesund sjukehus
RITE høyreapparat
Reins og skifte av domar
Tette domar og filter er av dei vanlegaste årsakene til at det er dårleg eller ingen lyd i høyreapparata. Domen kan reinsast og etterkvart bytast. Når du får tilpassa høyeapparata får du eit bestillingskort. Audiografen merkar av kva type filter du skal bruke.
Ta først av domen. Undersøk om den er tett med øyrevoks. Dersom du har vaska den fleire gongar kan det vere lurt å byte den.
Dersom den framleis sit godt på høyreapparatet, kan du reinse den. Skyl den så i lunka vatn. Tørk den godt, slik at den er heilt tørr før du set den på høyreapparatet.
Skifte filter
Det finst fleire typar filter. Når du får tilpassa høyreapparat får du eit bestillingskort. Audiografen merkar av på dette kortet kva type filter du skal bruke.
Ta først av domen, sjekk også at domen ikkje er tett med øyrevoks.
Skift deretter filter. Bruk då den tomme enden til å fjerne det gamle, for å så sette i eit nytt filter.
Tørkeboks
Fukt er noko som kan påverke lyden og som kan gjere at høyreapparatet ikkje fungerer så godt. Sveittar du mykje eller oppheld deg i fuktig vêr kan det vere lurt å bruke tørkeboks ofte.
Legg apparatet i boksa saman med tørketabletten og med batteriluka open.
Du kan bruke kva boks som helst. Det viktigaste er at det er lok på den slik at den blir tett. Dette kan gjerast kvar kveld.
Tørketablettane kan brukast fleire gongar. Den skiftar farge når den må bytast.
I øyret høyreapparat
I øyret høyreapparat
Skifte filter
Tette filter er den vanlegaste årsaka til at det ikkje er lyd i høyreapparatet. Det finst fleire forskjellige typar filter. Når du får tilpassa høyreapparat får du eit bestillingskort. Audiograf merkar av kva type filter du skal bruke.
Filtra kan sjå forskjellige ut. Dei har likevel alle ein ende med eit nytt filter og ein tom ende. Bruk den tome eden til å ta ut det gamle filteret. Set så i det nye.
Bruk av tørkeboks
Denne typen apparat er nokså tette i øyret, det er derfor vanleg at det blir varmt og fuktig i øyregangen. Det kan derfor vere lurt å bruke tørkeboks med jamne mellomrom.
Ta først ut batteriet av høyreapparatet.
Legg så apparatet i boksa saman med tørketabletten, med batteriluka open. Du kan bruke kva boks som helst. Det viktegaste er at det er lok på den slik at den blir tett. Dette kan gjerast kvar kveld.
Tørketabletten kan brukast fleire gongar, den skiftar farge når den må bytast.
Nyttige nettsider
Du finn også nyttig informasjon på følgende nettsider: