Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Pasientkurs

ADHD (Psykoterapi) - Volda

Ferdigheitstrening (psykoterapi) for vaksne som har diagosen ADHD.

Tid og stad

Når

Kontinuerlig tilbod.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Volda sjukehus
Ved Volda DPS Poliklinikk, Kløvertunvegen 1

Dette er eit tilbod til pasientar som allereie går i poliklinikken.

Fastlegen din kan tilvise deg til poliklinikken.
Tilvising sendast elektronisk til DPS poliklinikk, Volda

Kvifor delta på behandlingstilbodet

For deg med ADHD som har store vanskar med å regulere føelsar og som er motivert for å jobbe med dette saman med andre.

Innhald

Ferdigheitstrening i gruppe med fokus på:

  • Oppmerksomt nærver
  • Atferdsanalyse
  • Heimeoppgåver
  • Coaching

Praktiske opplysningar

Behandlaren din ved poliklinikken kan tilvise deg til psykoterapi. Dersom du ikkje har ein behandlar, kan du bli tilvist til poliklinikken for å få ein vurdering om denne behandlinga kan vere noko for deg.

Tirsdagar frå kl. 1030 - 1400. Gruppetilbodet går over fleire veker. 
Spørsmål om gruppetilbodet kan rettast til behandlaren din ved Volda DPS, eller behandlaren din kan sette deg i kontakt med gruppeleiarane.

Rettar og eigenandel

Du betalar ein eigenandel som ved eit anna poliklinisk besøk (kr. 351) per samling, inntil frikort.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Dersom du vert akutt sjuk og ikkje kan møte, må du kontakte Volda DPS Poliklinikk.

Nyttige nettsider

ADHD Norge

Kontakt