Tverrfagleg skulderrehabilitering
Utgreiing for muskel og skjelettplager diagnostiserer personar med vedvarande plager frå muskel- og skjelettsystemet. Utgreiinga blir utført av spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering som har spesialisert seg på sjukdommar, skader, funksjonssvikt i skjelett og musklar samt opptrening etter ulike sjukdommar og skader. Det kan vere aktuelt å drøfte problemstillingar i eit tverrfagleg team.
Tilvising og vurdering
Tilvisinga blir vurdert av spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering i tråd med prioriteringsrettleiaren. Tilvisinga skal vurderast av lege innan 10 virkedagar. Deretter får du brev med forventa ventetid for time.
Før
Du får innkalling med informasjon om oppmøtestad og tidspunkt til time.
Nokre vil òg motta ein sms om utfylling av skjema i forkant av timen hos oss. Det er ønskeleg at du fyller ut desse skjemaa i forkant slik at vi skal kunne gi deg ein best mogleg vurdering hos oss. Følg rettleiinga som blir gitt i sms.
Under
I konsultasjonen vil du møte ein lege og få tid til å legge fram di sjukehistorie før ei grundig undersøking.
Gjennom samtale med deg, og ei undersøking, vil legespesialisten danne seg eit bilde av mogleg årsak og oppretthaldande faktorar knytt til smertene dine. Du får informasjon og råd om kva du bør gjere vidare.
Digital eigenregistrering
Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Etter innlogging kjem du direkte til spørsmåla som skal svarast på. Svara blir fortløpande lagra. Dersom du må avbryte, kan du fortsette besvarelsen seinare. Når du er ferdig, trykker du «levér».
Etter
Vi sender eit notat til fastlegen din med informasjon om diagnose og planen for vegen vidare. Der det er aktuelt blir du satt opp til kontroll hos lege, vidare behandling hos fysioterapeut eller avslutning etter utgreiing.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Fysikalsk medisin og nevropsykologi poliklinikk Ålesund
Oppmøtestad
Oppmøte ved ekspedisjon mellom heisene i underetasjen i lågblokka.Følg merking frå hovudvestibylen.
Adresse
- I dag 08:00 - 15:30
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5