Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Delta i val som gjeld helsa di!

Samval

Samval er ein prosess der du saman med helsepersonell kjem fram til og tek avgjerder om kva undersøkings- og behandlingsmetodar som passar best for deg.

Som pasient har du rett til å ta del i val som gjeld både utgreiing, behandling og oppfølging. Samval skal sikre at du får tilstrekkeleg, presis og relevant informasjon om kva du kan forvente av behandlingsalternativa. Samval handlar oftast om å velje mellom ulike og tilgjengelege behandlingar, men også det å utsetje, vente på eller velje å ikkje behandle. Du skal også kunne velje å avstå frå å ta del i slike val.

Utgangspunktet for ein samvalssituasjon er at ingen av alternativa du kan velje mellom verkar klart best for alle pasientar, men blir eit spørsmål om korleis du veg fordelar og ulemper ved dei ulike moglegheitene opp mot kvarandre. Den eller dei som vel må gjere ei avveging, eksempelvis mellom sannsynleg effekt og risiko for bestemde biverknader. Ei slik avveging avheng også av dine verdiar og preferansar.

Du får støtte av helsepersonell i denne prosessen. For mange vil det vere ei god støtte å snakke med familie eller andre nære personar om desse vala.

Spørsmål du kan stille behandlaren din

  • Kva alternativ har eg?
  • Kva er dei moglege fordelane og ulempene ved desse alternativa?
  • Kor sannsynleg er det at desse fordelane og ulempene vil gjelde for meg?
  • Når du skal vere med å velje, spør deg sjølv: Kva er viktig for meg?

Se film om samvalg fra Helsenorge.no

Samvalsverktøy

Nokre gonger kan samvalsverktøy vere til hjelp i avgjerdsprosessen. Verktøya gir relevant og påliteleg informasjon om ditt helseproblem og kva valmoglegheiter som er tilgjengelege. Dei kan brukast både før, under og etter konsultasjon.

På helsenorge.no finn du samvalsverktøy for utvalde problemstillingar. Fleire verktøy skal utviklast. Sjølv om du ikkje finn samvalsverktøy som er relevante for deg, kan du og behandlaren din like fullt gjennomføre eit samval. Dette gjer de ved å diskutere dei ulike alternativa og komme fram til det beste valet for deg.

​Samvalskoordinator​

Helse Midt-Noreg har gitt Helse Møre og Romsdal oppdraget om å fremje arbeidet om samval i regionen. Vi har tilsett en samvalgskoordinatorer i samband med dette.

​Ta kontakt for å lære meir om samval!​

​​​



Sist oppdatert 18.01.2024