Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Smilende tilsette i blå arbeidsklede. Eine personen held ein treningsball.

Informasjon til nytilsette og studentar

Frå ny til lommekjent på 20 minutt

Hjarteleg velkomen til oss i Helse Møre og Romsdal. Vi gler oss til å få deg med på laget vårt!

Som tilsett i Helse Møre og Romsdal (HMR) blir du ein viktig del av eit stort team som tilbyr spesialisthelsetenester til fylket sine 265 000 innbyggjarar. Vi er den største arbeidsplassen i fylket med fire sjukehus og fleire institusjonar. Ein trygg og god arbeidsplass som også gir deg mange moglegheiter for utvikling og kompetanseheving.

I helseføretaket er det om lag 6400 tilsette og vi har mange ulike yrkesgrupper som spelar på lag for å gi eit godt helsetilbod. Din innsats er difor avgjerande for god pasientbehandling uavhengig av kva slags funksjon du har i helseføretaket. 

HMR skal i åra framover ha sterkt fokus på å bringe tenestene våre nærare pasientane. Det inneber blant anna stor grad av digitalisering og at vi tenker nytt kring korleis pasientbehandlinga skal skje i framtida. Vi verdset og sett stor pris på nye medarbeidarar som har med seg erfaring frå andre organisasjonar, læringsmiljø og forsking, og som vil bidra til den reisa vi er i gong med. Eg håpar difor at du vil ha fokus på både fornying og forbetring, også i den perioda du er ny i helseføretaket.

Vi skal spele kvarandre gode, og eg set difor stor pris på tilbakemeldingar frå alle våre tilsette. 

Eg ønskjer deg lukke til i den nye jobben din! 

Beste helsing


Olav Lødemel
Adm dir

Et nærbilde av en kvinne og en mann som holder hender

Helse Møre og Romsdal HF har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal fylke. Våre hovudoppgåver er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. 

Helseføretaket har om lag 6 400 tilsette og leverer tenester til om lag 265 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda, og på Hjelset bygger vi Sjukehuset Nordmøre og Romsdal som skal stå klart i 2025. I tillegg har vi fleire distriktspsykiatriske senter og rehabiliteringsinstitusjonar spreidd rundt i fylket, samt ei rekkje ambulansestasjonar.

Administrasjonen er lokalisert i Ålesund. Klinikkane er organisert dels stadleg og dels på tvers av føretaket.

Organisasjonskart

ÅLESUND SJUKEHUS

Ålesund sjukehus er det største i føretaket. Her er det akuttmottak og vaktfunksjon innan nyfødtintensiv, medisin, kirurgi, ortopedi, radiologi, anestesi, gynekologi, pediatri, ØNH, kjevekirurgi, auge, kreft, luftambulanse, vaksenpsykiatri og barne- og ungdomspsykiatri. Sjukehuset tilbyr også andre spesialitetar som revmatologi, hud, fysikalsk medisin, habilitering og barnehabilitering, nevrologi, audiopedagogisk senter med fleire. Ved Ålesund sjukehus finn du også helikopterbase og AMK-sentralen for Møre og Romsdal.

MOLDE SJUKEHUS

Molde sjukehus er det nest største sjukehuset i føretaket. Sjukehuset har traumefunksjon og akuttmottak, og vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, radiologi, gynekologi, anestesi, ØNH, auge, medisinsk mikrobiologi, nevrologi og vaksenpsykiatri. Vaksenpsykiatrisk døgneining med akuttpsykiatri, rehabilitering og alderspsykiatri ligg på Hjelset, som er om lag 20 km aust for Molde sentrum. Vaksenpsykiatri har også aktivitetar på sjukehuset.

KRISTIANSUND SJUKEHUS 

Kristiansund sjukehus er eit lokalsjukehus med akuttmottak og vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi, anestesi, radiologi og pediatri. Sjukehuset har også barneavdeling.

VOLDA SJUKEHUS

Volda sjukehus er eit lokalsjukehus. Sjukehuset har traumefunksjon og akuttmottak, og vaktfunksjonar innan medisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi, fødselshjelp, anestesi, radiologi, samt distriktspsykiatrisk sengepost og poliklinikk for vaksne, barn og ungdom. 

SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) skal etter planen stå klart i 2025, og vil erstatte sjukehusa i Kristiansund og Molde. SNR vil innehalde eit nytt felles akuttsjukehus på Hjelset og spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi i Kristiansund. Les meir om SNR her

Fleire mindre institusjonar

I tillegg har helseføretaket fleire institusjonar utanfor sjukehusa knytt til psykiatri og rehabilitering. Ambulansetenesta i fylket tener innbyggarane med bil-og båtambulansar frå 33 stasjonar. 

 

Hender som varsamt held eit hjarte. Tekst på bildet: Så fin du er i dag!

VISJON

På lag med deg for helsa di.

VERDIAR

Kjerneverdiane våre er tryggleik, respekt og kvalitet. 

Det betyr at vi skal:

  • Vise respekt og ta ansvar for pasienten
  • Vere oppdaterte og framtidsretta, og stille høge krav til kvalitet på tenestene våre
  • Vere nære og engasjerte, og la openheit og respekt prege dialogar og samarbeid

MÅL

Helse Møre og Romsdal skal vidareutvikle seg for å møte framtidas utfordringar, og vi skal sikre likeverdige tenester med god kvalitet tilpassa pasientane sine behov innanfor dei rammer vi har fått.

VÅRE STRATEGISKE VAL 

Vi ønskjer å skape ei verksemd som over tid held fokus på kvalitet og pasienttryggleik, der vi reduserer talet på pasientskadar og betrar pasienttryggleikskulturen.

To tilsette som ser på kvarandre og viser noko på telefonen.

Foto: Kristin Støylen

ID- OG PULS-KORT

Alle tilsette i helseføretaket får eit ID-kort og eit Puls-kort. ID-kortet skal du alltid ha på deg, og kunne vise fram når det er naudsynt. Puls-kortet bruker du når du skal nytte helseføretaket sine PC-ar. Kortet gir deg tilgang til dine områder, eposten din, dataprogram og kommunikasjonsverktøy. 

ID- kort og Puls-kort får du første arbeidsdag ved å henvende deg til Servicetorget på din arbeidsplass. Det er eit krav om å legitimere alle nytilsette i samband med oppstart og utlevering av PULS-kort. Nytilsette som ikkje har gyldig pass eller nasjonalt ID-kort, må sjølv skaffe dette før oppstart.

SERVICETORG

Servicetorg – for tilsette finn du ved hovedinngangen på kvart sjukehus

Dette kan servicetorget bistå med:

  • ID kort og PULS kort
  • Leigebilar – for utlån til tenestereiser, i Ålesund og Volda
Kristiansund 

Opningstid servicetorg: Kl. 0730 til 1730 kvardagar. 

Sentralbord Nordmøre og Romsdal
71120000
Molde

Opningstid servicetorg: 0730 til 2100 på kvardagar. 
Heilagdagar og laurdag/søndag: kl. 1000 – 1900. 

Sentralbord Nordmøre og Romsdal
71120000
Ålesund

Opningstid servicetorg: Kl. 0730 til 1530 kvardagar. 

Volda

Opningstid servicetorg: Kl. 0730 – 1630, kvardagar. 

PARKERING

Tilsette betaler parkering i app eller nettlesar. Du finn meir informasjon om parkering på Innsida under Service og tenester.  

 

En kvinne som har på seg hodetelefoner og sitter ved et skrivebord med en datamaskin

Som medarbeidar skal du bruke mange dataprogram. HEMIT er vår leverandør av datatenester og gir brukarstøtte ved feil. 

Du kan ringe HEMIT på (0) 03612, bruke hemithjelp.no eller legge inn førespurnad via servicetorget til Hemit. 

Du finn lenke til Hemit på Innsida til HMR.

På einkvar PC finn du ein rekke dataprogram. Programma finn du fram til ved å klikke på startikonet nederst til venstre på PC-skjermen. Du kan bruke søk-feltet for å finne 
konkrete program raskare.

MINE ADMINISTRATIVE PROGRAM 

Min Arbeidsplan (MAP)

Du finn Min arbeidsplan under Mine verktøy Innsida eller ved å bruke søkefeltet som vist til over. Alle medarbeidarar kan logge inn i MAP med brukarnavn og passord som du får tilsendt på SMS. 

Her finn du oversikt over din arbeidsplan og lønsslipp. I tillegg kan du kan booke vakter, legge inn meirtid/overtid, be om avspasering og velferdspermisjon med løn med meir. Her legg du og inn bankkontonummer, informasjon om barn og eventuelle bierverv. 

Du kan bruke denne funksjonaliteten på mobiltelefonen din ved å legge til på Hjemskjermen. 

Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon

INTRANETT (Innsida)

Når du loggar deg på våre PC-ar opnar Innsida seg. Innsida er helseføretaket si interne nettside. Via Innsida finn du finn du informasjon og nyheiter, og lenker til det du treng i arbeidet ditt.

Du kan óg bruke Innsida frå mobil ved å laste ned Teams-appen for jobb. 

FIRE VIKTIGE VEGAR FRÅ INTRANETTETS FRAMSIDE

Det elektroniske kvalitetssystemet EQS, menypunkt under Mine verktøy. Elektronisk kvalitetshandbok som inneheld alle gjeldande dokument i HMR: rutiner, prosedyrar og retningsliner.

Personalhandboka, menypunkt under Mine verktøy. Elektronisk personalhandbok skal gi deg svar på det du treng å vite innanfor personalområdet. Det gjeld lov og avtaleverk, personaladministrative retningsliner og personalpolitikk.

Læringsportalen, menypunkt under Mine verktøy. I Læringsportalen finn du 
oversikt over tilgjengelege kurs. Meld deg på klasseromskurs eller ta et e-læringskurs når som helst via PC. Du kan gjennomføre e-læringskurs heimafrå ved å identifisere deg via ID porten. 

Kompetanseportalen, menypunkt under Mine verktøy. I kompetanseportalen 
finn du oversikt over alle kompetanseplanar og krav som føretaket og seksjonen din stiller til deg som medarbeidar i HMR. Her vil du og gjennomføre medarbeidarsamtaler med meir. Kan brukast heimafrå og på hmn.dossier.no eller ved å laste ned appen Dossier helse. 

INTERNETT (helse-mr.no)

Helse Møre og Romsdal si internettside er helse-mr.no. Nettsida skal primært gi informasjon til pasientar og pårørande. Vi ønsker at all pasientinformasjon i brosjyrar skal gjerast om til sider på helse-mr.no, slik at pasientar og pårørande kan finne informasjonen der dei er når dei treng den.

På helse-mr.no finn du informasjon om våre behandlingar og kontaktinformasjon til avdelingane, i tillegg til praktisk informasjon. Du kan også finne siste nytt frå helseføretaket, samt informasjon knytt til mellom anna ledige stillingar. 

INTERNKOMMUNIKASJON I TEAMS

HMR tek i bruk Microsoft Teams for internkommunikasjon. Her kan vi samhandle om
filer, fordele oppgåver, planlegge og gjennomføre møte. Her finn du og ditt eige team på arbeidsplassen kor du kan samhandle via meldingar, chat og delta i ulike grupper. Du finn også område for felles ressursar og informasjonsdeling. Alle tilsette skal vere medlem i eit team for sin seksjon, avdeling og klinikk. 

Teams startar automatisk opp når du loggar deg på ein PC med ditt Puls-kort.

En gruppe mennesker som holder et skilt

TEIEPLIKT

Helse Møre og Romsdal HF har nulltoleranse for brot på teieplikta. Det er ikkje tillate å tileigne seg informasjon om pasientar du ikkje har ansvar for. Sikkerheita vi ønskjer oss kan ikkje skaffast med teknologi åleine. Vår personlege haldning 
og handtering av sensitiv informasjon er difor minst like viktig.

Som ny medarbeidarar får du tilsendt informasjon om aktuelt lovverk knytt til teieplikt, og signerer på denne når ein signerer på arbeidsavtalen.

Teieplikta gjeld fullt ut og skal alltid overhaldast.

INFORMASJONSSIKKERHEIT

Som medarbeidar i HMR har du og ansvar for datasikkerheit, og alle tilsette skal gjennomføre e-læringskurs om informasjonssikkerheit. 

Hensikta med kurset er at alle tilsette skal reflektere over, og bli meir bevisst på korleis ein forheld seg til informasjonssikkerheit og personvern. Kurset kan gjennomførast før oppstart, då må du huske å identifisere deg som ID-porten-brukar slik at kurset blir overført til deg som medarbeidar når du startar i HMR. Du kan ta kurset her: Informasjonssikkerheit – kva er ditt ansvar? 

HELSE MILJØ OG SIKKERHET, HMS 

Helse Møre og Romsdal skal vere ein helsefremjande arbeidsplass, med eit velfungerande HMS-system.

HMS-portal EQS
HMS-side på Innsida

Systematisk kartlegging av arbeidsmiljø
  • ForBedring
  • Vernerunde
  • Utviklingssamtale
  • Avvikshandtering (kontinuerlig)

Tekst

Alle medarbeidarar skal ta e-læringskurset Brannvern Helse Møre og Romsdal i Læringsportalen i tillegg til praktisk opplæring. 

Første arbeidsdag må du sette deg inn i branninstruksen på di eining/arbeidsplass. Dersom du treng meir kunnskap kan du finne det her: Kompetanse- og opplæringsportal for brannforebyggende arbeid (EQS)

VARSLE – Veit du kven du skal varsle?

REDDE – Kjenner du rømningsvegen heilt ut?

SLOKKE – Er du fortruleg med sløkkemidla du har tilgjengeleg?

Internasjonale studier og erfaring viser at nær halvparten av skadane som oppstår i helsetenesta er mogleg å førebygge.

Vi ønsker å skape ei verksemd som held fokus på kvalitet og pasientsikkerheit, slik at vi reduserer talet på pasientskadar og betrar pasientsikkerheitskulturen.

Helse Møre og Romsdal har utarbeidd ein strategi- og handlingsplan for kvalitet og pasientsikkerhet. Planen kan du lese her (EQS)

Kontinuerleg forbetring er Helse Møre og Romsdal sitt langsiktige utviklingsarbeid med fokus på daglege, pasientnære forbetringar. Vi ønsker ein låg terskel for å melde om feil slik at vi kan lære av dei. Alle tilsette skal registrere EQS melding ved uønska hendingar som gjeld pasientar, systemsvikt og forbetringsforslag. Meldingane blir brukt for å kartlegge og analysere risiko og årsaker til at skader og hendingar oppstår for å lære av hendingane. Du finn meir informasjon i meldeportalen i EQS.

Meir informasjon om pasientsikkerheit og kontinuerleg forbetring finn du under menyen Administrativt > Pasientsikkerheit på Innsida eller ved å trykke her

Vil du lære meir om kontinuerleg forbetring? Prøv forbedringsspelet her.

Nærbilde av hender som blir vaska med såpe.

Foto: Colourbox.com

Vi legg vekt på eit robust smittevern for å betre pasienttryggleiken. Vårt infeksjonskontrollprogram som har som formål å forebyggje og begrense førekomsten av infeksjonar. Infeksjonskontrollprogrammet i sin heilheit finn du på Innsida og under din avdelingsportal i EQS. Enkelte prosedyrer er gjort tilgjengeleg på helse-mr.no med koradressa helse-mr.no/ikp

Føretaket har eit personvernombod som kan gi råd i spørsmål knytt til personopplysningar som organisasjonen forvaltar. Personopplysingar kan vere knytt til klinisk aktivitet, forsking eller ha administrativt innhald. Slike opplysingar skal vi behandle etter gjeldande regelverk (GDPR).

Her finn du personvernombodet i Helse Møre og Romsdal. 

Godt arbeidsmiljø er viktig for oss alle og er noko vi i HMR ønskjer å ha sterkt fokus på. Hugs at du sjølv er med på å skape ditt eige arbeidsmiljø. Vi forventar at du bidreg, og det same kan du forvente av dine kollegaer og din leiar. For å arbeide systematisk med arbeidsmiljøet brukar vi nokre verktøy som sikrar at alle får høve til å ytre seg, både om det som er bra og det som treng å bli betre:

  • Utviklingssamtale med leiar minimum ein gong i året (mal for samtale i Kompetanseportalen)
  • ForBedringsundersøkinga som blir gjennomført årleg
  • Årlege vernerunder i eininga di

Vår kultur skal vere prega av kontinuerleg læring og forbetring, difor bør ein alltid vurdere å ta opp ting ein reagerer på med den det gjeld først. Dersom du får problem eller blir usikker er det naturleg å diskutere med din næraste overordna først.

Føretaket har frikjøpte tillitsvalde og hovedverneombod som kan gi råd og bistå i ulike saker. Tillitsvalde er gode informasjonskjelder om rettar i høve arbeidsavtalar, tariffavtalar og ymse lovverk. Du kan og få hjelp av tillitsvalde til å bringe vanskelege saker vidare. I saker som gjeld arbeidsmiljøet kan det vere nyttig å diskutere med anten lokalt verneombod eller hovedverneombodet. Dersom du har meldt ifrå om kritikkverdige forhold og det ikkje blir teke tak i blir du oppmoda om å varsle vidare.

Her finn du skjema til varsling

En gruppe mennesker i hvite labfrakker

Som ein stor og kompleks organisasjon har vi intern bedriftshelseteneste (BHT). Dei er ein nøytral part som skal bidra i det systematiske arbeidet for helsefremjande arbeidsmiljø. Alle kan ta kontakt med BHT, men oppdrag kan berre bestillast av leiar. Meir informasjon om BHT finn du på Innsida

Dersom du blir sjuk slik at du ikkje kan vere på jobb, må du ringe din leiar så raskt som mogleg. Du skal nytte Min Arbeidsplan til å fylle ut egenmelding og melding om sjuke born. Hvis du er i fare for å bli sjukmeld eller blir sjukmeld ønskjer vi at du går i dialog med leiar for å vurdere tilretteleggingstiltak slik at ein saman kan prøve å finne alternativ til fråver. Mange einingar har gode moglegheiter for tilrettelegging, og oftast har leiar alternative oppgåver du kan utføre ei periode.

Dersom du er ny i foretaket gjeld det særlige reglar for rett til egenmelding og løn ved born sin sjukdom, dette bør du setje deg inn i. Du finn meir informasjon om dette her i personalhandboka.

Vi har ei rekkje velferdstilbod for våre tilsette:

  • Personaltreningar ved alle fire sjukehusa
  • Bedriftidrettsaktivitetar av varierende art ved alle fire sjukehusa
  • Kunstlag ved alle fire sjukehusa
  • Tilskuddsordning frå Velferdsmidler til for eksempel Holmenkollstafetten
  • Rabattavtaler med lokale treningssenter, teater og sportsbutikkar

Du kan finne detaljar om velferdstilboda på Innsida

Et par kirurger som utfører kirurgi

Kvart år rekrutterer vi over 700 nye medarbeidere til om lag 45 ulike yrkesgrupper i helseføretaket. Vi legg vekt på eit inkluderande arbeidsmiljø og har sterkt fokus på å legge til rette for vidareutdanning, leiaropplæring og forsking. 

Utdanninga og kontinuerlig utvikling av våre tilsette skal være med å sikre kompetanse og nok helsepersonell i helsetenesta, både på kort og lang sikt. Helse Møre og Romsdal samarbeider med utdanningsinstitusjonane om utdanning av personell, og stiller med praksisplassar og lærlingplassar. HMR er ei stor lærebedrift og har lærlingar i blant anna faga ambulansearbeidar, ernæringskokk, helsefagarbeidar med fleire.

Du kan lese meir om våre karrieremoglegheiter her.

God leiing er avgjerande for kvalitet, pasientsikkerhet, arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling. Vi skal vere ein spennande arbeidsplass, og treng fleire dyktige og motiverte leiarar i åra som kjem. Vi legg difor til rette for at tilsette kan velje leiing som mogleg karriereveg. Vårt fokus er ei kontinuerleg og strukturert opplæring for å utvikle trygge og motiverte leiarar som vil stå i leiarrrolla over tid. Vi tilbyr årleg ei gruppe tilsette deltaking på Mobiliseringsprogrammet, som er ein arena der potensielle leiarar får innblikk i leiarrolla.

Din næraste leiar har ansvar for å hjelpe deg til rette på arbeidsplassen og sette deg inn i arbeidsoppgåvene dine. 

LURER du på noko, spør!
NOKO du ikkje kan, lær!
GODT arbeidsmiljø, bidra!

Ikon

AD – administrerande direktør

AMK – Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral

AMU – Arbeidsmiljøutvalget

BU – brukerutvalget

BUP – Barne- og ungdsomspsykiatri

DPS – Distrikspyskiatrisk senter

EPJ – Elektronisk pasientjournal

EQS – Elektronisk kvalitetssystem

FOU – Forskning og utvikling

HEMIT – Helse Midt-Norge IT

HF – Helseforetak

HMN – Helse Midt Norge

HMR – Helse Møre og Romsdal

HMS – Helse miljø og sikkerhet

HR – Human Resources – Personal og organisasjonsutvikling

HP – Helseplattformen

IKT – Informasjons- og kommunikasjonsteknologi

KP – Kompetanseportalen

KPP – kostnad pr. pasient

KPU – Kvalitets- og pasientsikkerhetsutvalget

LAR – Legemiddelassistert rehabilitering

LIS – Lege i spesialisering

LMS – Lærings- og mestringssenteret

LP – Læringsportalen

MAP – Min arbeidsplan

MTU – Medisinskteknisk utstyr

PAS – Pasientadministrasjon

PHV – Psykisk helsevern for voksne

RHF – Regionalt helseforetak

RS – ressursstyring

ROS – Risiko og sårbarhethetsanalyse

SAP – Innkjøpsportal

SNR – Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

TSB – Tverrfaglig spesialisert behandling av ruslidelser

UPS – Ungdomspsykiatrisk senter

VOP – Voksenpsykiatrisk poliklinikk

ØNH – Øre-nese-hals

En gruppe mennesker i hvite labfrakker som holder et skilt
Sist oppdatert 11.12.2023