Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Organisasjonsutvikling

Helse Møre og Romsdal har ein kontinuerleg utvikling og omstilling av drifta og verksemda for å sikre eit best mogleg pasienttilbod innanfor dei økonomiske rammene.

En gruppe mennesker i sikkerhetsvester som står på en byggeplass
Tilsette i HMR på synfaring på byggetomta

Eit stort investeringsprosjekt som Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) gir likevel eit ekstra behov for utviklingsarbeid for å tilpasse drifta til nye konsept, nye pasientforløp og arbeidsprosessar.

For å kunne hente ut forventa faglege og driftsøkonomiske effektar av SNR, pågår det parallelt med bygginga eit omfattande organisasjonsutviklingsarbeid som skal sikre at tilsette kan utvikle ferdigheiter og kompetanse til å ta i bruk nye areal, ny logistikk og ny teknologi på ein god og effektiv måte. 

Tilsette i dei ulike klinikkane jobbar kvar dag med å levere best mogleg tenester. Derfor er det avgjerande at organisasjonsutviklingsarbeidet skjer i tett samarbeid med klinikkane slik at tilsette deltar aktivt i utviklingsarbeidet og førebuingane til innflytting i SNR.

Nye arbeidsprosessar

Nye konsept og arbeidsprosessar krev organisasjonsutvikling

HMR har oppretta ein eigen OU-funksjon med prosjektleiarane Gry Rønning og Chris Olsen som saman med linjeleiinga har ansvar for å:
  • Utvikle framtidsretta, trygge og driftseffektive pasientforløp med nye arbeidsprosessar 
  • Tilrå organisering og felles klinikkleiing i interimsfasa, samt foreslå organisasjonsstruktur i SNR 
  • Planlegge ny bemanning og nødvendig kompetanse 
  • Utvikle gevinstrealiseringsplan med tiltak, klar framdriftsplan med milepælar og ansvarleg leiar 
  • Sikre god overgang frå prosjekt til drift SNR 
  • Utvikle felles fagmiljø og organisasjonskultur for Molde og Kristiansund sjukehus 
  • Koordinere OU-aktivitetar i SNR mot Helseplattformen og aktuelle forbetringsprogram i HMR 
  • Involvere andre delar av HMR inn i aktuelle prosessar 
  • Sikre samhandling med kommunane om felles pasientforløp


 

Organisasjonsutvikling inn mot SNR

Helse Møre og Romsdal har gjennomført fleire OU-prosjekt som dannar grunnlag for det vidare arbeidet

  • Plan for 8 timar effektiv drift av poliklinikk og dagbehandling
  • Fleksible og attraktive arbeidstidsordningar
  • Etablering av korttidspost
  • Sengeområdene med fordeling av fagområde barsert på nærleiksbehov, samt endringar i arbeidsflyt og pasientforløp
  • Vaktliner for legar som ser på korleis vaktordningane bør vere for legar i SNR

I 2022 pågår det arbeid knytt til følgjande OU-prosjekt

  • Oppfølging av tidlegare korttidspostprosjekt for å finne egna pasientforløp, driftsform, organisering og bemanning​
  • Poliklinikk og dagbehandling med åtte timar effektiv drift der ein ser på fordeling av aktivitet og planlegg romutnytting, saman med bemanningsmoglegheiter
  • Merkantilprosjektet

Diagram
 

Sist oppdatert 27.05.2022