Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Styret i Helse Møre og Romsdal

Styret skal sjå til at Helse Møre og Romsdal driv i samsvar med føremålet, vedtektene og retningslinjene som er fastsette av føretaksmøtet, og i tråd med strategiar, planar og budsjett som er vedtekne av styret. Styret skal óg sikre at samfunnsansvaret blir teke på alvor.

​Styret i Helse Møre og Romsdal består av 8 faste medlemmar, der 5 er oppnemnde av Helse Midt-Noreg og 3 er valt av dei tilsette. Styremedlemmane representerer ikkje politiske organisasjonar, interessegrupper eller geografiske område, men møter som individuelle personar. 

Styremøta i Helse Møre og Romsdal er opne, og vi streamar møta direkte.
 

Styreadministrasjon

Gjennom styreadministrasjonen vår får du tilgang til sakspapir, vedtak, presentasjonar, møtekalender og medlemsoversikt.​
 
Sist oppdatert 15.04.2024