Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Volda sjukehus ligg i Volda kommune på Søre Sunnmøre, 1,8 km frå Volda sentrum. Volda sjukehus er lokalsjukehus for kommunane på Søre-Sunnmøre og dekker eit folketal på om lag 50 000. Sjukehuset har delt ansvar med Helse Førde HF for fødande kvinner i Nordfjordregionen. Sjukehuset har om lag 500 tilsette og det er vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi, anestesi og radiologi. I tillegg til fagområda over, har sjukehuset også eit større distrikpsykiatrisk senter (DPS) med både poliklinikk og sengepost. Det er og ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) tilknytt sjukehuset.

Kontakt

Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Slik finn du fram

Adresse

Kløvertunvegen 1
Opningstider, hovudinngangen
  • I dag 10:00 - 20:00
  • Måndag 07:00 - 21:00
  • Tysdag 07:00 - 21:00
  • Onsdag 07:00 - 21:00
  • Torsdag 07:00 - 21:00
  • Fredag 07:00 - 21:00
  • Laurdag 10:00 - 20:00
  • Søndag 10:00 - 20:00

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart

Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande

Oransje markering: Parkering for HC

Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 

Lilla: Ladestasjon

P: Parkeringsautomatar

 

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

    Besøkstider

    Avdelingane i Helse Møre og Romsdal kan ha ulike besøkstider. Her finn du ei oversikt.
    Besøkstider
    Illustrasjonsbilde, to damer på besøk til pasient