Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund

Avdeling for radiologi ved sjukehusa i Molde og Kristiansund tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi) og MR (magnetisk resonans). Angiografi (bilete av blodårer) og mammografi (røntgenbilete av bryst) blir utført ved Molde sjukehus.

I 2003 vart avdelinga fulldigitalisert. Dette vil seie at alle undersøkingar blir gjort digitalt og lagra i eit dataarkiv. Vi deler nettverk med alle sjukehusa i Helse Midt-Norge. Dersom ein pasient til dømes raskt må overflyttast til St. Olavs Hospital, så vil legar ved sjukehuset i Trondheim ha tilgang til både bilete og svar så snart undersøkinga er avslutta her.

Stadig fleire av legekontora i distriktet er også kopla opp mot sjukehusa i føretaket. Desse har ikkje tilgang til biletarkivet vårt, men kan få svar på undersøkingar overført elektronisk, noko som gjer at svara blir raskare tilgjengelege for legekontora.

Helseføretaket har akuttfunksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.

Avdelingsjef Odd Arne Haram
odd.arne.haram@helse-mr.no

Kontakt

Telefon

Ta direkte kontakt med seksjonane.