Osteoporosepoliklinikken Kristiansund
Vi tilbyr konsultasjonar der vi kartlegg livsstil og risikofaktorar for beinskjørheit, såkalla osteoporose. Dette er eit behandlingstilbod til pasientar over 50 år, for å fange opp lågenergibrot. Vi ønsker å unngå at pasientar havnar på operasjonsbordet etter brot i hofte, handledd eller rygg etter fall frå eiga høgde.
Kontakt
Telefon
Telefontid 08.30–10.15 kvar måndag og onsdag, pluss fredag i partalsveker.
Behov for å endre timen din?
HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
2. etasje. Du finn oss i lag med ortopedisk poliklinikk.Kristiansund sjukehus
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund