Videopresentasjonar frå Ålesund sjukehus
Vi har laga ein pakke med videoar til deg som har slitt med artroseskade og treng ein kneprotese eller ein hofteprotese. Her forklarar vi kva de skal gjennom frå innleggelse til utskriving.
Ein kneproteseoperasjon kan vere aktuelt ved slitasjegikt (artrose) i kneet, brotskadar, medfødde skadar eller andre forandringar i kneet. Det øydelagde og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese.
Vi har laga ein pakke med videoar til deg som har slitt med artroseskade og treng ein kneprotese eller ein hofteprotese. Her forklarar vi kva de skal gjennom frå innleggelse til utskriving.
Kneprotesar finst som delprotesar (unikondylære proteser) og totalprotesar. Ved totalprotesar blir heile enden av lårbeinet (femur) og leggbeinet (tibia) bytt ut. Ved delprotesar er det berre innsida (medialt) eller kun utsida (lateralt) eller kun leddet mellom kneskåla og lårbeidet som blir erstatta av ein protese.
Ortopeden tar stilling til kva type protese som eignar seg best for deg.
Før operasjonen skal du gjennom nokre førebuingar for å redusere risikoen for komplikasjonar.
Du skal vaske deg med Hibiscrub på operasjonsdagen. Hibiscrub er bakteriedrepande og reduserer risikoen for infeksjon. Du treng ikkje vaske håret med Hibiscrub, men ver nøye med kroppsvask. Etter dusjing skal du ikkje bruke parfyme, kremar, sminke, smykke, piercingar eller neglelakk, og du skal ha på deg reine klede. Dersom du skal møte på sjukehuset på operasjonsdagen, skal du ta vasken med Hibiscrub heime.
På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil seie ikkje ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops. Du må berre ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt er sikre å bruke.
Last gjerne ned appen "Patient Journey" for å førebu deg til operasjon.
Ved kneoperasjonar set vi i dei aller fleste tilfelle bedøvinga i ryggen. Dette er ei såkalla spinalbedøving der du er vaken. Av og til vel ein narkose i samråd med anestesilegen, og du vil då sove under inngrepet.
En anestesisjukepleiar sit ved sida av deg under heile operasjonen. Han eller ho er din kontaktperson og passar på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte. Derimot vil du merke litt risting i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre hamring, saging og boring.
Dersom du ønsker det, kan du høyre på musikk under operasjonen. Du har anledning til å ta med dette sjølv eller låne hos oss.
Operasjonstid for kneprotesar varierer noko, men ligg vanlegvis på cirka 90 minutt.
4 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Begynn med sirkulasjonsøvingar i senga så fort du kan bevege beina. Det viktigaste tiltaket for å førebygge blodpropp og få att funksjonen, er å kome seg opp på beina så hurtig som mogleg. Du vil tidleg bli hjelpt opp av senga for å stå og bevege deg litt.
Den viktigaste opptreninga etter proteseoperasjon er å kome i gong med dagleglivets aktivitetar. Eigentrening i form av bevegelse, styrke, balanse og koordinasjon er viktig for resultatet av operasjonen. Du skal følge eigentreningsprogrammet du får av fysioterapeut på sjukehuset.
Du har rett på fysikalsk behandling i inntil 6 månader etter operasjonen. Etter at du kjem heim skal du starte med trening veileda av fysioterapeut. Du må trene med fysioterapeut 2-3 ganger per veke i fleire månader etter operasjonen. Vi anbefalar at du tar kontakt med fysioterapeut og avtaler timer i god tid før operasjonen.
Den første tida oppstår det naturleg nok ein del smerter rundt det opererte kneet. Smertene blir lindra med medisinar, og desse skal du ta med jamne mellomrom og til avtalte tider. Du skal ikkje vente til du kjenner auka smerter før du tar smertestillande. Dette for å unngå såkalla smertetoppar. Erfaring viser at det tar lenger tid å få redusert smertene igjen når slike periodar oppstår. Har du mykje smerter til trass for at du tar dei medisinane du er bedt om, er det viktig at du seier i frå til personalet. Då kan du få andre medisinar i tillegg.
Nokre reiser heim same dag som dei blir operert. Det vanligaste er å reise dagen etterpå, men nokre kan ha behov for å vere innlagt lengre.
Ventetid: 10 - 56 uker
Kontakt Ortopedisk og revmatologisk sengepost ÅlesundÅsehaugen 5