Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Pasientkurs

Kurs i belastningsmestring - KiB - Ålesund

Kurs for deg som har behov for å bedre evna til å regulere og handtere belastningar.

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Psykatrisk poliklinikk Ålesund

Kurset treng elektronisk tilvisning frå fastlege eller anna behandlar i kommune/spesialisthelsetjenesten til DPS Vegsund.

KVIFOR DELTA PÅ KURS

Kurs i belastningsmestring (KiB) er utvikla for deg som har behov for å betre evna til å regulere og handtere belastningar. Ulike belastningar påvirkar kvarandre og dei kan for eksempel vere knytt til livssituasjon, familie, helse, studier og arbeidsliv.

INNHALD

KiB er basert på kognitiv adferdsteori, men tek også med seg nyare teori frå metakognitiv teori og aksept og forpliktelsesteori.

Du som deltakar får kunnskap om tema som:

  • Belastningar og reaksjonar
  • Meistring, verdiar og handlingar
  • Tenkning, forståing og belastning
  • Aktivitet og søvn
  • Belastning og kontakt med andre
  • Å forstå og bli forstått
  • Endring og vanestyrke
  • Livskvalitet

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Kurset går over 10 gongar, i tillegg ein forsamtale og ein individuell samtale.

Kurset gjennomførast ca. to gongar årleg (vår og haust) ved Psyk.pol Ålesund.

Kursbok brukast aktivt gjennom heile kurset.

Kurset er leia av godkjent kursinstruktør.

Det er 12 -15 kursdeltakarar på kvart kurs.

RETTAR OG EIGENANDEL

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

NYTTIGE NETTSIDER

Mental Helse

Rådet for psykisk helse

Kontakt

    Eva Stin Gjengedal Vatne

    95 75 44 84

    DPS Vegsund

    Siw Kringstad

    DPS Vegsund