Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Behandling

Medikamentfri behandling, psykisk helsevern

Personar med for eksempel kronisk depresjon og angst eller langvarige relasjonsproblem/personlegheitsproblematikk vil kunne få tilbod om eit medikamentfritt behandlingsalternativ ved DPS Vegsund på Sunnmøre.

Vårt behandlingstilbod

I det medikamentfrie tilbodet har vi dagbehandling, poliklinikk og ein sengepost med tre senger. Vi tar imot pasientar frå heile regionen. Dette er eit intensivert, heilskapleg og kunnskapsbasert behandlingstilbod. Målet med behandlinga er at tett oppfølging, intensivering av tiltak og systematisk tilnærming, vil gi auka behandlingseffekt og endring som varer. Dine ressursar, målsetning og medverknad er i sentrum.  

Gjennom systematisk innhenting av tilbakemeldingar undervegs frå deg som bruker tilbodet, skal vi gjere individuelle tilpassingar og utvikle vår kunnskap om medikamentfri behandling av psykiske lidingar.

Vi bruker psykoterapi-forma ISTDP (Intensive Short Term Dynamic Therapy), då denne har vist seg å ha god effekt på pasientar med langvarig og samansett problematikk.
 
Behandlingstilbodet er eit regionalt prosjekt som svarer på bestillinga til Helse- og omsorgsdepartementet om medikamentfrie behandlingseiningar i kvar helseregion.

Tilvising og vurdering

Tilvising til medikamentfritt behandlingstilbod ved DPS Vegsund skjer via behandlaren din i spesialisthelsetenesta, psykisk helsevern for vaksne. Behandlaren din vil i lag med deg vurdere om dette er eit tilbod som du kan ha nytte av.
 
Fastlegen din kan tilvise deg til den lokale spesialisthelsetenesta med informasjon om at du ønskjer eit medikamentfritt tilbod. Den lokale spesialisthelsetenesta vil saman med deg vurdere om dette er eit eigna tilbod for deg.

Inntakskriterium

  • Låg funksjon, herunder tap av adekvat meistring på fleire sentrale livsområde
  • Behandlingsresistens: Pasienten har ikkje respondert adekvat eller som forventa på fleire kjende behandlingsforsøk (inkl. medikamentell behandling).
  • Kapasitet til å ha eit intrapsykisk fokus i vurderingssamtale.

Eksklusjonskriterium

  • Psykoselidingar
  • Bipolar liding type I
  • Dissosiativ identitetsforstyrring
  • Misbruklidingar som krev avrusing
  • Psykiske lidingar sekundært til medisinske tilstandar
  • Psykisk utviklingshemming
  • For dårleg meistring av norsk språk til hinder for behandling
  • Akutt suicidalfare
  • Historie på alvorleg utageringsproblem og store vanskar med impulskontroll.


Tilvisinga skal innehalde opplysningar om motivasjon for tilbodet, i tillegg til ei god utgreiing som inkluderer aktuell og tidlegare symptomatologi og behandling, diagnostiske vurderingar, livshistorie/anamnese, personlegheitsutgreiing, somatiske helseutfordringar, suicidalvurdering, aktuell og tidligare forhold til rus/avhengigheit, psykometri (helst MINI, SCID-2) og aktuell medikasjon.

Utredning

Vurderingsdag

På vurderingsdagen møter du teamet vårt med overlege, psykologspesialist, miljøterapeutar, fysioterapeut og musikkterapeut. Vi vil snakke med deg om motivasjon og målsetting for behandlinga, kartlegge psykiske plager, somatisk helse, samarbeid med familie og lokale hjelpeinstansar og informere om tilbodet. Du vil få ein prøvetime i psykoterapi for å planlegge behandlinga, og klargjere om dette er eit nyttig tilbod for deg.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde foran et hus

 

Behandling

Vi tilbyr eit 8 vekers behandlingsopphald der vi har sett saman fleire medikamentfrie behandlingsformer i eit intensivt program. Vi bruker psykoterapi-forma ISTDP (Intensive Short Term Dynamic Therapy), då denne har vist seg å ha god effekt på pasientar med langvarig og samansett problematikk. Vi legg vekt på tilbakemeldingar frå deg for å tilpasse behandling undervegs og sikre at du får maksimalt utbytte av behandlinga. Dette sikrar vi gjennom spørreskjema og samtale kvar veke. 

Du får eigen timeplan som du følgjer gjennom dei åtte vekene. Følgande behandlingsformer er inkludert i medikamentfritt behandlingstilbod ved DPS Vegsund:

Intensive short-term dynamic therapy (ISTDP). Tilbod om to behandlingstimar per veke.

Skal styrke kognitiv kunnskap om deg sjølv, motivere og mobilisere mot motstand.

Skal auke din bevisttheit om følelsar og kroppslege signal, trene opp mental styrke til å møte utfordringar, styrke helsefremjande ressursar og bidra til at du anerkjenner deg sjølv slik du er. Mindfulness er også angstregulerande. 

Skal styrke band til andre, du får prøve ut ny adferd og oppleve nytta av å snakke med andre om problem.

Et rom med stoler og et bord

 

Skal auke din bevisttheit om eigen kropp.

Dette er både styrketrening, friluftsliv, fjellturar, klatring og liknande, og det skal styrke meistring og eigenvilje og gi sterkare tru på deg sjølv.  

En rød koffert ved siden av et par støvler
 

Målretta aktivitetar i miljøet/fellesskapet for å kunne fungere betre både psykisk og sosialt.

Musikkterapi er ein terapiform som bruker klienten sine ressursar, musikk-preferansar, behov og ønske som utgangspunkt for ulike musikkaktivitetar, individuelt eller i gruppe. 


 



 

Behandlingstilbodet er basert på mykje aktivitet, og det er viktig å ha med tilpassa klede og utstyr.

  • Regntøy
  • Turklede
  • Treningsklede
  • Gode tursko
  • Joggesko
  • Tursekk
  • Termos
  • Sitjeunderlag
  • Toalettsaker
  • Tøfler/innesko
  • Evt. badetøy
Dersom det er noko du ikkje får tak i av dette, ta kontakt med oss. 

Oppfølging

Samarbeid, rettleiing og overføring av informasjon og kompetanse til lokalt hjelpeapparat vil vere sentralt undervegs i behandlinga og ved utskriving. Ved behov for og i samarbeid med deg og aktuelle instansar vil vi utarbeide kriseplan og bidra til etablering av Individuell plan.

Ein viktig del av behandlinga av psykisk helse er å gjere både pasient og omgjevnadane i stand til å fange opp tidlege teikn på forverring.

Ein kriseplan skal hjelpe deg å

  • oppdage tidlege teikn på forandring
  • planlegge korleis du kan stoppe ei negativ utvikling
  • fortelje deg korleis du på best mogleg måte kan søke hjelp

Planen skal vere skriftleg og blir utarbeida i samarbeid med hjelpeapparatet og dine næraste. Hjelpeapparatet pliktar å følgje denne planen.

Eksempel på kriseplan frå Najonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (pdf) 

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til å få utarbeida ein individuell plan og at det oppnemnast ein koordinator. Planen skal berre utarbeidast dersom du sjølv ønskjer det.
 
Føremålet med individuell plan og koordinator, er å

  • sikre at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • sikre at du har medverknad og innverknad
  • styrke samhandlinga mellom deg og tenesteytar og eventuelt pårørande
  • styrke samhandlinga mellom tenesteytarar på tvers av fag, nivå og sektorar

Meir om Individuell plan (Helsenorge.no) 

Kontakt

Vegsund DPS Vegsund

Kontakt DPS Vegsund

Oppmøtestad

Vegsundvegen 68
6020 Ålesund
Distriktspsykiatrisk Senter - DPS Vegsund

Vegsund

Vegsundvegen 68

Transport

​​Du kan ha rett til å få dekt nødvendige utgifter til og frå behandling. 

Sjekk dine rettar på helsenorge.no

Praktisk informasjon

Måndag–fredag: kl 16.00–2100
Laurdag–søndag: kl 10.30–21.00
 
Eller etter avtale.
 
Både barn og vaksne, som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok i underetasjen.
 
Ta kontakt med personalet når du kjem.

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Artiklar