Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Nærbilde av hender på et tastatur

Elektronisk meldingsutveksling med Helse Møre og Romsdal

E-meldingar

E-meldingar blir brukt for elektronisk kommunikasjon om pasientar mellom sjukehus, fastlegar, kommune og andre helseaktørar innanfor og utanfor Helseplattformen. Dersom mottakar er utanfor Helseplattformen, blir meldingane sendt kryptert via Norsk helsenett.

Nasjonale standardar definerer korleis ulike meldingstypar skal brukast.

Helseplattformen følgjer dei nasjonale standardane. Samarbeidspartnarar vil oppleve at e-meldingar, etter innføring av Helseplattformen, blir brukte noko annleis enn det som vart gjort tidlegare. Dette fordi vi no har moglegheiter som vi ikkje hadde i tidlegare system.

Tilvising blir brukt ved tilvising til utgreiing eller behandling, eller førespurnad om fagleg råd. Innhald i tilvisinga skal vere i tråd med tilvisingsrettleiaren. Henvisningsveileder - Helsedirektoratet  

Ved tilvising til akuttmottak skal tilvising sendast til relevant spesialitet. Pasienten skal også meldast til AMK-sentralen for innlegging.

Når spesialist har vurdert tilvisinga vil tilvisar få tilbakemelding i meldinga «status henvisning». Denne meldinga kan innehalde viktig informasjon, så det er viktig at tilvisar les desse meldingane. 

I helsepersonellova heiter det i §45a, tredje ledd, at «med epikrise menes sammendrag av tilgjengelige journalopplysninger i tilknytning til undersøkelse eller behandling av en pasient som er nødvendig for at videre behandling eller oppfølging av pasienten innenfor helse- og omsorgstjenesten kan skje på en forsvarlig måte»    

Epikrise blir sendt til fastlege når pasienten blir skriven ut frå sjukehus, etter dagkirurgi og etter dei fleste polikliniske besøk.

Grunnlaget for epikrisen er den informasjonen sjukehuset har om pasienten ved avslutning av opphaldet. Det betyr at dersom det kjem prøvesvar i ettertid, vil vurdering av desse bli sendt i ei supplerande dialogmelding. Som hovudregel skal det berre vere éin epikrise per sjukehusopphald.   

Dialogmelding blir mellom anna brukt i Helse Møre og Romsdal ved

  • Spørsmål og svar knytt til 
    -
    Inneliggende pasient   
    - Oppfølging av pasientar med kroniske sjukdommar
    - Oppfølging av pasient i eit poliklinisk forløp    
  • Ettersending av tilleggsopplysningar, til dømes vurdering av prøvesvar som ligg føre etter eit sjukehusbesøk eller tilleggsinformasjon til epikrise     

Dersom fastlegar har spørsmål til laboratoriefag og biletdiagnostikk kan det sendast ei dialogmelding. Dialogmelding erstattar likevel ikkje rekvisisjon.    

Ei dialogmelding kan berre innehalde tekst, og ha ein mottakar.     

I journalsystem vil desse meldingane som oftast bli kalla "Forespørsel" eller "Svar på forespørsel", eventuelt "Forespørsel om pasient".   

Pleie og omsorgsmeldingar blir brukte for å kommunisere om innlagde pasientar med behov for kommunale tenester, sjå samarbeid om innlagde pasientar med behov for kommunale tenester - sending av PLO emeldinger i helse midt norge (helse-midt.no).    

Dersom pasienten ikkje er innlagd og det er behov for å varsle om behov for kommunale tenester, sender Helse Møre og Romsdal dialogmelding til saksbehandlar i aktuell kommune. 

Ved rekvisisjon av biletdiagnostiske undersøkingar skal ein bruke røntgenrekvisisjon. Vanleg tilvising kan ikkje brukast til dette. Vanleg tilvising vil bli avvist og kome i retur til tilvisar.    

  • Dersom du opplev å ikkje få epikrise eller svar på undersøkingar, kontakt aktuell avdeling med ei dialogmelding 
  • Dersom du opplev episodar med manglande og mangelfulle e-meldingar, meld eit samhandlingsavvik  
  • Dersom det mest sannsynleg er ein teknisk feil som skaper problem med meldingsflyten, send e-post til meldingsansvarlig@helse-midt.no  
  • Dersom du er usikker på om feilen er av teknisk art eller om det kan kome av feil i arbeidsflyt, kan du melde saka her

Sist oppdatert 24.05.2024