Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Utvidar stenging av døgntilbodet til barn

Grunna akutt mangel på spesialistar og sjukepleiarar, blir døgntilbodet til barn og unge i Kristiansund haldt stengt fram til 2. september.

Publisert 10.05.2024
Sist oppdatert 01.07.2024

Avdelinga har sidan 8. mai vore stengt grunna mangel på legespesialistar. Vi manglar framleis fagfolk til å opne etter sommaren og siktar oss inn mot gjenopning 2. september. 

Klinikk Ålesund har det faglege ansvaret for det somatiske tilbodet til barn og unge.  

Etter sommarferiestenginga, som er fram til 5. august, vil barneavdelinga i Kristiansund ha eit dagtilbod frå 08 til 15 på kvardager der dei  kan ta imot akutt hjelp og gjere vurderingar, samt drive poliklinikk og dagbehandling.

Barn som har behov for innlegging vil i mellomtida bli sendt til Ålesund sjukehus. Barnepoliklinikken i Molde er open i heile stengingsperioden.

Kontakt ved behov for innlegging

Fastlege/legevaktslege som vil legge inn ein pasient på barnemedisinsk avdeling skal som vanleg ta kontakt med AMK, som vidare kontaktar vakthavande lege ved aktuell avdeling. Kva sjukehus barnet/ungdommen leggast inn ved, vil avhenge både av kapasitet og behov for behandling. HMR har gode rutinar i alle sjukehusa våre for å handtere akutt sjuke barn. Vi har trygge rutinar ved stengt barneavdeling i Kristiansund da avdelinga årleg har stengingsperiodar ferie- og høgtider.