Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Vårt leiarprogram

God leiing er avgjerande for kvalitet, pasientsikkerhet, arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling.  Vi skal vere ein spennande arbeidsplass, og treng fleire dyktige og motiverte leiarar i åra som kjem.  Vi legg difor til rette for at tilsette kan velge leiing som mogleg karriereveg.


Vårt fokus er ei kontinuerleg og strukturert opplæring for å utvikle trygge og motiverte leiarar som vil stå i leiarrrolla over tid.
 
Vi oppfordrar difor deg som:

  • er engasjert i jobben din og som brenn for god pasientbehandling
  • ønsker å påverke utviklinga av helsetenesta og faget ditt gjennom samarbeid med andre
  • er opptatt av å spele andre gode og som blir motivert av å lukkast saman med andre
  • er løysningsorientert og har mot til å ta tak i utfordringar
  • er sjølvgåande, strukturert og har evne til å jobbe systematisk og langsiktig med ulike prosessar


til å starte på ein karriereveg mot leiing.


Les meir om vårt leiarprogram her (personalhandboka)​

Sist oppdatert 08.12.2023