Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Ansvar og organisering

Styret i Helse Møre og Romsdal har det overordna ansvaret og er prosjekteigar. Administrerande direktør har utnemnt eit prosjektstyret for SNR

Publisert 09.12.2019
Sist oppdatert 11.08.2022
Organisasjonskart

Organiseringa av prosjektet

Prosjektstyret er eit internt arbeidsorgan for adm. dir. Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal, i gjennomføringa av SNR. Det er såleis ikkje eit føretaksstyre. 
 
 

Heidi Nilsen    
Leiar av prosjektstyret
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Nicolai Nilsen
Nestleiar av prosjektstyret
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Jan Petter Storetvedt
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Vegard Storvik
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Lars Magnussen
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF

Tor Rune Aarø
Styremedlem
Utpeika av tilsette i HMR HF

Lars Gunnar Aabak Angvik
Styremedlem
Utpeika av tilsette i HMR HF

Knut Ragnar Heimdal er prosjektdirektør for SNR og har det overordna ansvaret for leiinga av utbyggingsprosjektet. Heimdal har solid leiarerfaring frå store og komplekse prosjekt som St. Olavs hospital i Trondheim og Nytt Nasjonalmuseum i Oslo. 

Helge Johan Hestad er utbyggingssjef for akuttsjukehuset på Hjelset og har ansvar for å følgje opp byggentreprisen og entreprenøren som skal bygge akuttsjukehuset. Hestad har også solid erfaring som prosjektleiar for teknikk for utbygginga av St. Olavs hospital fase 2 og prosjektleiar for bygginga av barneavdelinga ved Ålesund sjukehus. 

Prosjektsjef i Helse Møre og Romsdal er Ketil Landevåg Gaupset. Gaupset utgjer saman med Heimdal leiarduoen  som har det daglege ansvaret for utviklinga og planlegginga av det nye fellessjukehuset. Gaupset har åtte år bak seg som klinikksjef i føretaket og kom frå stillinga som klinikksjef for klinikk for psykisk helse og rus.

Sykehusbygg HF har også fleire andre sentrale leiarar i prosjektet. Elin Altø er sjef for operativ prosjektstyring, Jan-Erik Olofsson er SHA-ansvarleg, Liv Haugen er ansvarleg for funksjonsplanlegginga, medan Tore Indreråk leiar arbeidet med IKT-planlegginga.
 
Helse Møre og Romsdal har fleire tilsette med sentrale roller i SNR-prosjektet. Merete Hagbø frå Molde og Hans Christian Ofstad frå Kristiansund er prosjektleiarar og skal sikre medverking og koordinering av sjukehusa si kliniske verksemd, byggeprosjektet og andre samarbeidspartar. Johnny Hegdal er utstyrskoordinator, Vegard Hagerup er prosjektmedarbeidar, Chris Rodriguez Olsen er prosjektleiar for OU-arbeidet inn mot SNR og Guri Viken er kommunikasjonsrådgivar i prosjektet. 

Sykehusbygg HF har hatt gjennomføringsansvaret for planlegging og bygging av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal frå og med konseptfasen. Sykehusbygg HF er eit nasjonalt føretak for sjukehusbygging og har mellom anna teke opp i seg verksemda frå Helsebygg Midt-Norge HF, som har hatt dette ansvaret tidlegare i Helse Midt-Norge.

Les meir om Sykehusbygg

Styresaker SNR
Les styresaker om SNR