Målet er at du som innbyggar skal oppleve heilskap og samanheng i helsetenester du har behov for.
DMS Kristiansund skal fysisk og digitalt gi helse- og omsorgstenester til befolkninga nært der dei bur, og samtidig vere eit attraktivt val for innbyggjarar i heile landet til planlagde dagkirurgiske inngrep.
Helse Møre og Romsdal skal tilby eit breitt somatisk tilbod med dagbehandling, poliklinikk og dagkirurgi. Helse Møre og Romsdal sitt tilbod inn i DMS-et har fått namnet SNR Kristiansund.
Kristiansund kommune skal tilby tenester frå demenskoordinator og demensteamet, kreftkoordinator, sårsjukepleiar, tenester for psykiske helse og rus og sengepostar som i dag er på Storhaugen helsehus. I tillegg vil det vere ein stad for kommuneoverlege, kommunepsykologar og seksjon for forvaltning, helse og omsorg.
DMS-prosjektet skal også undersøke moglegheiter for helsetenester som kan ytast av nordmørskommunane og andre helserelaterte aktørar i senteret.

Sist oppdatert 12.04.2024