Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Distriktsmedisinsk senter (DMS) i Kristiansund

Kva skjer i DMS-prosjektet

Vi held deg oppdatert på det som skjer i DMS-prosjektet. I løpet av 2025, 2026, og 2027 skal ulike helserelaterte aktørar etablere seg i det som er dagens sjukehusbygg i Kristiansund. På denne sida vil du etter kvart finne dei nyaste skissene, videoar, aktivitetar mm.

Areal

Vi ventar på ferdigstilling av optimalisert forprosjekt SNR for å kunne gå vidare med innhald og plassering av kommunale tenester.​

Styringsgruppa tilrår at det i optimalisert forprosjekt blir teke i betraktning areal som kan disponerast av kreftkoordinator i kreftpoliklinikken, demenskoordinator i geriatrisk poliklinikk og sårsjukepleiar i kirurgisk poliklinikk.

 

Organisasjonsstruktur

Korleis skal samhandlinga mellom aktørar i DMS koordinerast og bli leia?​

Styringsgruppa tilrår organisasjonsstruktur med dagleg leiar og eige styre i DMS. ​ Prosjektet utarbeider forslag til mandat for styret og dagleg leiar.

 

Kommunikasjon

Mellom januar og april 2024 vil alle kommunestyre på Nordmøre få orientering med status for SNR og DMS. Dette gjer vi i samarbeid med prosjekt SNR/OU SNR.

Helse Møre og Romsdal og Kristiansund kommune​ skal også samarbeide om eit større informasjonsarbeid som skal kome innbyggarane til gode.

 

Pågåande prosjekt

Digital sårbehandling​

Prosjektet skal utvikle ny behandlingsmodell for pasientar med kroniske sår. Prosjektet har fått innovasjonsmidlar og er eit samhandlingsprosjekt mellom SNR Kristiansund, heimetenesta Averøy, Tingvoll og Kristiansund. ​

Prosjektperiode mars 2024 – mars 2025.​

 

​Innbyggerlab på Campus Kristiansund

DMS-prosjektet deltek i arbeidet med Innbyggerlab på Campus Kristiansund. «Helsekompetanse – kan vi utsette behovet til innbyggaren for helsetenester»​

Oppstart april 2024.​

 

Prosjektarbeid

Tre prosjektskildringar under arbeid:​

  • Teambasert behandling til ELDRE
  • Teambasert behandling til BARN/UNGE.​
  • Dronetransport.​

To pågåande arbeidsprosessar:​

  • Beskrive bruk av kommunale senger i DMS til protesepasientar etter utskriving frå SNR og sjå på moglegheiter for utprøving av dette før innflytting i DMS. ​
  • Skaffe kostnadsoverslag for ombygging, drifts- og leigekostnader i DMS Kristiansund.

DMS-prosje​ktet ute på Nordmøre

Orienteringsrunde til kommunestyra:

Januar 2024: Kristiansund og Averøy
Februar 2024: Sunndal, Tingvoll og Smøla
April 2024: Surnadal
Mai 2024: Aure
Gjemnes kjem

En person som bruker briller
 Prosjektleiar Gudrun Karlsen.

Prosjektperioden varer fram til 2027

Milepælar

Flytting frå Kristiansund sjukehus til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset

Ombygging startar DMS Kristiansund

Innflytting DMS Kristiansund

Sist oppdatert 12.04.2024