Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Medverking frå tilsette

Nye SNR vil medføre at tilsette må jobbe på nye måtar. Nye bygg og areal er tilpassa nye konsept der tilsette må ta i bruk nye arbeidsmetodar for å sikre ei trygg og framtidsretta pasientbehandling.

God medverking i prosjektet

Gruppeleiarar, tillitsvalde, verneombod og brukarar har følgt prosjektet tett

Brei medverking frå tilsette

For å sikre gode driftsmessige løysingar og gode arbeidsforhold har prosjektet lagt vekt på å involvere tilsette undervegs i prosjektutviklinga.
Tilsette frå både medisinske- og ikkje-medisinske miljø, samt tillitsvald- og vernetenesterepresentantar har delteke aktivt i planlegginga av sjukehusprosjektet frå starten.

I alle delutgreiingane har det vore oppnemnt planleggingsgrupper av tilsette-, pasient- og brukarrepresentantar, tillitsvalte og verneteneste. Planleggingsgruppene har vore breitt samansett med representantar hovudsakleg frå sjukehusa i Kristiansund og Molde.  Medverkingsgruppene har hatt ei rådgjevande funksjon, og har bidrege med innspel og kvalitetssikring av konsept og løysingar i tett samarbeid med kollegaer og prosjektorganisasjonen.

Gjennom konseptfasen, forprosjekt og vidareutvikling av forprosjektet har 150 tilsette vore oppnemnt for å ivareta medverkinga i dei ulike planleggingsgruppene. 

Gjennom ein samhandlingsfase i 2020 jobba prosjektorganisasjonen i tett samarbeid med entreprenør og deira underleverandørar med å vidareutvikle SNR Hjelset Medverkingsgruppene frå førre forprosjekt blei vidareført og deltok med å vurdere og gje innspel til nye teikningar, løysingar og utforming av funksjonsområda.  

Etter godkjent optimalisert forprosjekt har tilsette og brukarar bistått med å kvalitetssikre og vidareutvikle funksjonsområda i SNR Hjelset inkludert utstyr og innreiing av romma. 

Tilsette har også vore involvert i å sikre konkurransegrunnlag for nye entreprisar og planlegge anskaffingar av medisinskteknisk utstyr. ​
 
Planleggingsgruppene

Gruppe Funksjonsområde
1 Sengeområde
2 Poliklinikkar
3 Akuttmottak
4 Bildediagnostikk
5A Operasjon og sterilsentral
5B Intensiv og tung overvaking
6 Psykisk helsevern og rus
7 Ikkje medisinsk og teknikk
8 Kontor, forsking og undervising
9 Laboratoriemedisin
10 Apotek og medisinforsyning
12 DMS i Kristiansund



Sist oppdatert 27.05.2022