Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Tekstbobler med 8 punkt om kva som skjer i ungdomsrådet

Ungdomsrådet

Det er oppretta eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal som er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal.

Vi skal vere med å forbe​​tre kvardagen, opplevinga og tilbodet til ungdom i Helse Møre og Romsdal
Ungdomsrådet

  1. ​Medlemmane er frå 13-26 år
  2. Fire helger med samling i året på hotell
  3. Vi har det veldig gøy i lag og speler spel på kveldane
  4. Godkjent fråver frå skule og jobb
  5. Vi får jobbe med saker vi synest er viktige
  6. Vi får løn for å delta på møte
  7. Vi er alle forskjellige, nokon lyttar mykje, medan andre snakkar mykje
  8. Alt blir tilpassa din situasjon​​​

Dersom du som bur i Møre og Romsdal har innspel som vi kan ta med i arbeidet for ungdommar på sjukehusa, ta kontakt!

ungdomsradet@helse-mr.no  

Følg oss på Instagram

Leiar, Victoria Ulstein Sporsheim

Victoria Ulstein Sporsheim

Leiar for ungdomsrådet

vickyus99@gmail.com
Julie Ramstad

Julie Ramstad

Nestleiar i Ungdomsrådet

  • Det er oppretta eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal
  • Dette er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal
  • Medlemmane skal ha personleg erfaring med sjukehus og helsetenesta generelt
  • Medlemmane må vere villige til å dele erfaringar og må ha eit ønske om å bidra til forbetring av tenestene
  • Ungdomsrådet skal ha tett samarbeid med leiinga i føretaket
  • Referat frå ungdomsrådet sine møte vil ligge fast som referatsak på styremøta i Helse Møre og Romsdal og møta i brukarutvalet
  • Leiar eller representant frå ungdomsrådet deltek på brukarutvalet sine møte der det er naturleg på sak

Møtereferat og styrande dokument finn du her

  • Møte med DPS-ane (distriktpsykiatriske senter)
  • Prosedyre om overgang frå barne- og ungdomsavdeling til vaksenavdeling (både for somatikk og psykisk helsevern)
  • Roll-ups for å nå ut i sjukehusa med informasjon om ungdomsrådet
  • Trivselssjukepleiar Kristiansund
  • Heilt sjef - kurstilbod
  • Instagram

Ungdomsrådet er faste deltakarar i desse fora:

  • Barn som pårørande, styringsgruppe
  • Kvalitet i institusjonsbehandling i psykisk helsevern (KvIP)
  • Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)
  • Helseplattformen
  • HMR Nær

  • I prosjekt med fokus på barn/ungdom
  • Når de treng råd om korleis hjelpe/møte ungdommar
  • I arbeidet med handlingsplanar/EQS-prosedyrar og andre styrende dokument som inkluderer ungdommar
  • Vi kan korrigere vanskeleg språk/tilpasse til ungdommar
  • I utforming av areal

Spør oss dersom du er usikker på om det de held på med er relevant for oss! Det er betre enn at vi ikkje får moglegheit til å vere med.

Leiar, Victoria Ulstein Sporsheim

Victoria Ulstein Sporsheim

Leiar for ungdomsrådet

vickyus99@gmail.com
Julie Ramstad

Julie Ramstad

Nestleiar i Ungdomsrådet

Andrine Mogstad

Andrine Mogstad

Medlem i Ungdomsrådet

Victoria Talstad

Victoria Talstad

Medlem i Ungdomsrådet

Malin Strømsholm Riise

Malin Strømsholm Riise

Medlem i Ungdomsrådet

Victoria Aklestad

Medlem i Ungdomsrådet

 

  • Eg ønsker at informasjon om diagnosen Hidradenitis Suppurativa og andre hudsjukdommar skal bli betre kjent og at ungdom med desse lidingane skal få god hjelp frå starten av. I tillegg synest eg det er viktig at alle barn og ungdommar får vete kva rettar dei har, på ein forståleg måte
    Kristine
  • Eg synest arbeidet vi driv med er interessant og spennande, og eg vil utgjere ein forskjell
    Gerda Marie
  • Eg ønsker å vere ei stemme for dei unge, slik at kvardagen på sjukehusa forhåpentlegvis blir litt betre
    Andrine
  • Eg vil bli med på å få til ei endring der det trengs, og sikre at ungdommar får ei god oppleving i helsetenestene
    Julie
  • Eg er med for at ungdommar med sjukdom skal bli behandla slik dei fortener, og god samhandling mellom sjukdom og utdanning
    Malin
  • Eg er med for å forbetre overgangen frå barne- og ungdomsavdeling til vaksenavdeling
    Victoria S



 

Nyheiter om ungdomsrådet

Sist oppdatert 29.06.2023