Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

VI MÅ PLANLEGGE FRAMTIDA NO

Utviklingsplan

Ein utviklingsplan skal peike på ønska utviklingsretning for sjukehusa, etter nasjonale og regionale føringar. Kva retning må vi ta for å møte det samla behovet i samfunnet for helsetenester i framtida? Korleis skaper vi helsetenesta til pasienten gjennom riktig kompetanse, nye arbeidsformer, riktige bygg og utstyr?

I utviklingsplanen ser vi på kva tiltak vi må ha på plass for å møte behova i befolkningen i åra som kjem.

Utviklingsplanen er eit strategisk dokument som gir føringar og anbefalingar for korleis helseføretaket skal utvikle si verksemd. 

I planen ser vi på kva som trengs av tiltak og kva trengs av personell for å møte framtida sitt behov for spesialisthelsetenester.​ 

I arbeidet med utviklingsplanen har vi forsøkt å leggje til rette for god medverknad frå brukarar, tillitsvalde, verneombod, samarbeidspartnarar i mellom anna kommunane samt andre interessentar.

Utviklingslanen skal rullerast kvart fjerde år. 

For utviklingsplanen 2023-2026 bidrog styret i Helse Møre og Romsdal med innspel i styremøtet 8. februar, og høyringsutkastet blei styrebehandla 2. mars. Planen har deretter vore ute på høyring og blei vedtatt av styret 21. juli 2022.

Utviklingsplan 2023 - 2026

Her finn du utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal. 

Les utviklingsplanen her (pdf)
Ein collage av bilde med menneske i sjukehusmiljø

Alle regionale helseføretak og helseføretak som driv med pasientbehandling skal ha utviklingsplanar. Det er etablert ein regional prosjektorganisasjon for samordning av planarbeidet, med administrerande direktør som prosjekteigar. Sjølve utarbeidinga av utviklingsplanane er ein del av det samla planansvaret til dei regionale helseføretaka.

Dei regionale helseføretaka skal i samsvar med spesialisthelsetenestelovas § 2-1a sørge for at personar med bopel eller tilhaldsstad innan helseregionen får tilbod om spesialisthelseteneste i og utanfor institusjon. Ansvaret inneber m.a. ei plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at omfanget og innhaldet i tenestene er i samsvar med krav fastsett i lov eller forskrift.

Utviklingsplanane i helseføretaka skal avspegle det samla ansvaret dei regionale helseføretaka har for spesialisthelsetenester i regionen, inkludert private helsetenesteleverandørar og forholdet til primærhelsetenesta, og understøtte «sørge for»-ansvaret. Arbeidet med utviklingsplanane i helseføretaka må ta utgangspunkt i det lovpålagte ansvaret til dei regionale helseføretaka, nasjonale og regionale føringar og understøtte ei tenesteutvikling i regionane i tråd med framtidig behov for helsetenester, god kvalitet og effektiv utnytting av samla ressursar.

Arbeidet med utviklingsplanar skal bygge på målbilde med basis i Nasjonal helse- og sjukehusplan, strategi 2030 og perspektivmeldinga til regjeringa. Framskrivingar skal bygge på nasjonal modell, og brukast som grunnlag for diskusjon om vegval innanfor berekraftige rammer. 

Styret i Helse Møre og Romsdal vil få utkastet til revidert utviklingsplan. Etter det vil det bli ein høyringsrunde før endeleg styrebehandling av planen. 

I prosjektplanen er måla og rammene for regional koordinering av arbeidet med utviklingsplanar 2023-2026 skildra:

Prosjektplan Utviklingsplaner 2023-2026.docx

Målgruppa for dokumentet er prosjektleiar, prosjekteigar, styringsgruppe, deltakarar i prosjektet og andre som er berørt av prosjektet. Dokumentet kan sjåast på som ei arbeidskontrakt mellom prosjektleiar og prosjekteigar/styringsgruppe.

Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020-2023

Nasjonal helse- og sjukehusplan og oppdragsdokument/føretaksmøteprotokollar gir føringar for arbeidet med utviklingsplanen.

Område som særskilt må vurderast i utviklingsplanane:
  • Prioritere utvikling av tenester til pasientar som treng tenester frå både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta. Dette arbeidet skal vere basert på felles planlegging og utvikling i helsefellesskapa. Barn og unge, vaksne med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, skrøpelige eldre og personar med fleire kroniske lidingar skal prioriterast i dette arbeidet (sjå òg nedanfor under helsefellesskap og utviklingsplanar)
  • Avklare kapasitetsbehov og organisering av psykiske helsevern
  • Gjennomgå akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus saman med kommunane
  • Gjennomgå organisering, leiing og kompetanse i akuttmottaka
  • Sette eigne mål i utviklingsplanane for å flytte spesialisthelsetenester heim til pasientane ved hjelp av teknologi
  • Lage ein plan for å sikre tilstrekkeleg kompetanse. Det skal leggast til rette for livslang læring og ein heiltidskultur. Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar skal ha prioritet i dette planarbeidet
Tiltak for få meir helse ut av ressursane:
  • Vere i tråd med overordna prioriteringar
  • Redusere uønska variasjon
  • Yte tenester meir effektivt
  • Redusere pasientskadar

Nasjonal helse- og sykehusplan

Perspektivmeldingen

Regional strategi: Strategi 2030

Utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal frå 2019-2022

Helsefellesskap og utviklingsplanar

Helsefellesskap skal bidra til at helseføretak og kommunar saman kan planlegge og utvikle meir samanhengande, heilskaplege og berekraftig helse- og omsorgstenester for pasientar som treng tenester frå både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta. Både utviklingsplanane og den kommunale planlegginga må avspegle forventningar til gjensidig, felles planlegging innan aktuelle område. Det gjeld særleg utvikling av heilskaplege, koordinerte tenester til:

  • Barn og unge
  • Personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem
  • Skrøpelige eldre og personar med fleire kroniske lidingar

Helseføretaka og kommunane har òg felles ansvar for førebygging, og utviklingsplanen bør omtale bidraget helseføretaka har til det felles ansvaret for å fremme folkehelse og førebygge sjukdom og skade. Dette ansvaret bør gjenspeglast i dei kommunale planane, for å sikre at heilskapen blir ivaretatt i tråd med nasjonale føringar.

Dialog og rammer for planarbeidet

Arbeidet med utviklingsplan startar med ein førebuande fase der ein har ei formalisert avklaring med det regionale helseføretaket knytt til premissar og føringar for utviklingsplanen. Vidare skal det vere dialog med det regionale helseføretaket undervegs i prosessen. Styret i det regionale helseføretaket kan legge overordna føringar for utviklingsplanane.

Helseføretaka og kommunane skal samarbeide i helsefellesskap om ein felles strategi for helsetenesta, som skal munne ut i ein utviklingsplan for helseføretaka og føringar for aktuelle kommunedelplanar. Risiko- og moglegheitsanalyse blir laga saman med dei som endringane involverer og analysen skal dekke både føretaket og kommunane sine perspektiv. Det skal vidare vere ein høyringsprosess før endeleg behandling i helseføretaket. Utviklingsplanen blir vedtatt av styret i helseføretaket og blir lagt fram for det regionale helseføretaket

Rettleiar

I januar 2016 ga helse- og omsorgsdepartementet dei fire regionale helseføretaka i oppdrag å utarbeide ein rettleiar for arbeidet med utviklingsplanar. På bakgrunn av dette har styret i Helse Midt-Noreg RHF vedtatt ein rettleier som blir brukt i arbeidet med utviklingsplanar.

Veileder for arbeidet med utviklingsplaner.pdf

Organisering av arbeidet

Det er etableret delprosjekt for kvart av temaområda. Kvart delprosjekt vil bestå av ein regional prosjektleiar frå Helse Midt-Noreg RHF og prosjektdeltakarar frå kvart HF. Det er òg etablert ei arbeidsgruppe for kommunikasjon. Som det kjem fram av figuren nedanfor er arbeidet med utviklingsplanane tredelt, Utviklingsplan HF, Regional utviklingsplan og eit regionalt koordineringsprosjekt. Arbeidet med Utviklingsplan HF og Regional utviklingsplan skjer i linjeorganisasjonane og dei rapporterar til administrerande direktør og styret for sitt helseføretak. Koordineringsprosjektet rapporterar til styringsgruppa og utøvar koordineringa i prosjektgruppa der dei som leiar arbeidet med utviklingsplanane er representerte.

Tidslinje
Organisering av arbeidet med utviklingsplanen. 

Prosjektgruppe

Prosjektgruppa har det operative ansvaret for å sikre samordning av utviklingsplanarbeidet i regionen, sikre ei koordinert framdrift og følgje opp arbeidet innanfor temaområda. Prosjektgruppa legg leveransane for prosjektet fram til styringsgruppa for godkjenning.

Styringsgruppe

Styringsgruppa har det overordna ansvaret for arbeidet med utviklingsplanar og er sett saman av administrerande direktørar i helseføretaka i tillegg til representantar frå konserntillitsvalde, konsernverneombod og regionalt brukarutval.

Sist oppdatert 27.09.2023