Brukarutvalet

Gi melding til brukarutvalet dersom du har positive eller negative opplevingar med Helse Møre og Romsdal HF. Vi er opptatt av kvalitet og at pasientar og pårørande skal føle seg ivaretekne og respektert i møte med helsepersonell i Helse Møre og Romsdal HF.

Kontakt oss

Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal skal

  • bidra i mål- og strategiarbeid, hovudprosessar, forbetrings- og omstillingsprosessar og i andre faglege prosjekt samt delta/medverke/bidra i råd og utval i alle sakar som gjeld tenestetilbodet
  • fremje viktige sakar for brukarar, pasientar og pårørande
  • lage årsrapport om eiga verksemd
  • gi høyringsuttalelser til relevante planar og utgreiingar
  • møte på helseføretakets styremøter
  • etter invitasjon, foreslå brukerrepresentantar frå brukarutval eller organisasjonar til plan- og prosjektarbeid, råd og utval
  • etter nærare behov og avtale: arrangere og/eller delta på relevante konferansar og kurs
  • ved behov samarbeide med andre brukarutval og brukarorganisasjonar samt brukarrepresentantar i kommunane
  • ha kontakt med brukar- og pasientombod i opptaksområdet, og bidra til at helseføretaket følger opp deira årsrapportar
  • evaluere eiga verksemd minst ein gong i løpet av funksjonsperioden
  • sette opp årleg møteplan i samarbeid med administrasjonen

Brukarutvalet er oppnemnt av styret for Helse Møre og Romsdal, og har ei sentral rolle når det gjeld å følgje opp krav i lover og forskrifter om brukarmedverknad i norske sjukehus. Utvalet tar opp saker som har verdi for pasientar og pårørande.

Møteplan og saksdokument (brukarutvalet si administrasjonsside)


Fann du det du leita etter?