Om AIO-prosjektet
Ålesund sjukehus stod ferdig i 1971 og har eit stort behov for oppgradering, auke av kapasiteten og tilpasning til nye driftsformer i form av ei effektiv, bærekraftig, sikker og pasientvennleg virksomheit. Helseforetaket har gjort ei storstilt oppgradering av straumnettet og datanettet slik at den grunnleggande strukturen no er på plass for å modernisere sjukehuset. Det som står igjen er funksjonelle oppgraderingar for at helseforetaket skal kunne levere på sine forpliktingar.

Illustrasjon: Nordic Office of Architecture
AIO-prosjektet (akutt, intensiv og operasjon) omhandlar ei rekkje utbyggingar ved Ålesund sjukehus. Hovudprosjektet er eit tilbygg i fire etasjar vest for sjukehuset på over 5.000 kvm som skal innehalde akuttmottak, intensivavdeling og post operasjon, og operasjon, samt sterilsentral. Planlagt ferdigstillelse er i 2026/27.
I tillegg skal ein bygge ny hovudinngang mot nord med ny adkomst frå busslomme Borgundvegen via eit nytt parkeringshus.