Ved behov tar avdelinga og/eller media kontakt med kommunikasjonsavdelinga i Helse Møre og Romsdal.
Når media kjem til sjukehuset for å gjennomføre intervju, ber vi om at de alltid tar kontakt med helsepersonellet på staden for å seie frå, sjølv om de har avtale med pasienten. Personellet har ansvar for å skjerme andre pasientar som ikkje har sagt ja til intervju, og vil prøve å legge til rette for at pasienten blir intervjua i einerom. Dersom du tek kontakt med ein pasient i samband med ei hending der fleire pasientar er involverte, ber vi deg hugse at kvar pasient eig sin eigen pasientinformasjon. Ver difor varsam med å spørje pasienten ut om korleis det går med andre pasientar og kva som feiler dei - dei må sjølv få bestemme kva dei vil seie om eigen tilstand.
Skjema om fritak frå teieplikta