Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Retningsline for mediekontakt

Retningslinjene for mediekontakt er ein del av "Kommunikasjonsstrategi for Helse Midt-Noreg", og dei gjeld også for Helse Møre og Romsdal HF.

Mediekontakt i samarbeid med kommunikasjonsdirektør

Ifølgje Helse Møre og Romsdal  sin kommunikasjonsstrategi, er informasjon eit leiaransvar. Dette inneber også mediekontakt i samarbeid med kommunikasjonsdirektør.

Ein tommelfingerregel er at alle spørsmål som har med overordna styring, policy og politikk å gjere, skal behandlast av administrerande direktør. Faglege spørsmål som blir avgjorde i avdelingane, har avdelingssjefen ansvaret for å svare på. Helsefaglege spørsmål bør den svare på som har best innsikt i saka. Avdelingssjefen skal også vurdere behovet for å varsle kommunikasjonsdirektøren.

 

Mediekontakt i Helse Midt-Noreg

For kontakt med media gjeld desse retningslinjene: Styret og administrerande direktør har det overordna ansvaret for all kommunikasjon. Det er styreleiar, administrerande direktør, eller den direktøren gir fullmakt, som uttaler seg til media om overordna saker som gjeld heile helseføretaket.

  • Seksjonsleiar / avdelingssjef / klinikksjef uttaler seg til media om saker som gjeld eiga eining.
  • Den som skal ha kontakt med media, skal konferere med kommunikasjonsdirektør eller næraste leiar.
  • Når enkeltmedarbeidarar uttaler seg til pressa, skal dei gjere klart i kva rolle dei uttaler seg. Det er ein god regel å varsle eigen leiar om at ein har uttalt seg. I kontroversielle saker skal ein varsle eigen leiar eller kommunikasjonsavdelinga før ein ytrar seg. Dersom ein sjølv ikkje er rett person til å uttale seg, er det viktig å yte service ved å vise til kommunikasjonsavdelinga.
  • Medarbeidarar skal vere lojale mot  fatta vedtak. I saker der pressa ber om vurderingar av strategisk karakter, skal ein vise pressa til næraste leiar eller til den som er ansvarleg for det aktuelle fagområdet.
  • Tillitsvalde har ansvar for å gjere klart om dei uttaler seg til pressa som representant for ei fagforeining eller som enkeltmedarbeidar i Helse Midt-Noreg. Rollene skal skiljast. Vi føreset at tillitsvalde følgjer eigne retningslinjer om mediehandtering.
  • Ytringsfridom som privatperson. Tilsette i Helse Møre og Romsdal har full ytringsfridom som privatpersonar. Tilsette som er deltakarar i den offentlege samfunnsdebatten om Helse Møre og Romsdal sine ansvarsområde, har sjølve plikt til å presisere overfor meda at dei ytrar seg som privatpersonar.
  • Helseføretaket sine pasientar har krav på vern, og det vil difor vere i strid med teieplikta å gi informasjon om pasientar til uvedkomande.
     

Helse Møre og Romsdal er ein markant organisasjon i helsevesenet i fylket med mykje kunnskap om medisin og helse, og om behandling av sjukdom og skade. Vi ønskjer å spele ei meir sentral rolle i arbeidet med å utvikle ny kunnskap i medisinsk og anna helsefagleg forsking.

Kommunikasjonsdirektør kan når som helst på døgnet stå til teneste med råd om korleis ein skal handtere media. Det er også alltid mogleg å be journalistar ta direkte kontakt med kommunikasjonsdirektøren, som då kan koordinere vidare kontakt med rett person. Sentralbordet kan formidle mobiltelefonnummeret.

Sist oppdatert 10.10.2022