Ulykker og hendingar

Helse Møre og Romsdal legg ut pressemeldingar i etterkant av ulykker og hendingar der berørte personar har blitt innlagd på sjukehus. Dette ei ordning ved Molde og Ålesund sjukehus.

​Vi ber om forståing for at det enkelte gongar kan ta litt tid før pressemeldinga blir lagt ut. Dette er fordi helsepersonell må prioritere utgreiing og behandling av pasientar. Meldingane er standardiserte og i anonym form. 

Pressemeldingar om ulykker og hendingar

Abonner på RSS-feed for pressemeldingar om ulykker og hendingar

Kristiansund eller Volda sjukehus?

Dersom pasienten er sendt til Kristiansund eller Volda sjukehus kan media vende seg til sentralbordet. Ein blir sett over til akuttmottaket som vil gi aktuelle opplysingar i tråd med dei same retningslinene som for meldingane som blir publisert her.

  • Kristiansund sjukehus: 71 12 00 00
  • Volda sjukehus: 70 05 82 00

 

Når namnet til pasienten er kjent

Dersom namnet til pasienten er kjent gjennom media, eller han/ho på anna måte kan identifiserast, vil ikkje Helse Møre og Romsdal gi ut informasjon om helsetilstand. Media må da sjølv ta kontakt med pasienten for å få vite dette. Helseføretaket kan formidle beskjed der det er behov for det.

Til sjukehus etter valdsepisodar

Helse Møre og Romsdal gir ikkje opplysingar om pasientar som kjem til sjukehus etter valdsepisodar. I slike tilfelle må media kontakte politiet.



 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.