Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagdag diabetes i Ålesund

- Vi hadde en fagdag om diabetes i 2011 og det er lenge sidan fortel sjukepleier Kamilla Træen ved diabetespoliklinikken i Ålesund. – Vi har dei siste åra fått mange handvendingar frå kommunane om å stille opp på fagdagar, men det er ikkje alltid så lett å reise ut. Vi har kapasitetsproblem.

Jan Ole Bolsø
Publisert 14.02.2019
Sist oppdatert 03.02.2021
Illustrasjon: Colourbox

​Difor inviterer vi no inn til ein felles fagdag for helsepersonell i kommunehelsetenesta i Ålesund og kringliggande kommunar. Vi ser for oss at det fortrinnsvis er tilsette ved sjukeheimar og i heimetenesta som er aktuelle for å kome.

Det har skjedd mykje på diabetesområdet sidan avdelinga hadde ein fagdag om diabetes og på 7-8 år har det og skjedd store utskiftingar mellom dei tilsette i kommunane. Det er også  kome til nye måtar å behandle diabetes på og mange nye medisinar.

- Vi opplever at mange er usikre på dei nye medisinane og vi vil difor fokusere på desse og på nye tankar kring behandling av diabetes hos eldre. I dag kan ein drive meir individuell behandling og då er det og behov for at tilsette ved sjukeheimar og i heimetenestene har god kunnskap. Ikkje minst for å kunne diskutere med pasienten sin lege.

Statistikk syner at 15-20 % av pasientane på sjukeheimane har diabetes. Fokuset i høve eldre pasientar er at ein kan godta høgare verdiar hos skrøpelege eldre enn hos friske og yngre, men ynskjer ein lågare variasjon hos desse pasientane. Dette gir utfordringar som igjen krev god kunnskap hos dei tilsette.

Fagdagen er den 20. mars i auditoriet ved Ålesund sjukehus og påmeldingsfristen er 15.mars.

Program og påmelding finn du her: