Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking endrar brystkreftscreening

Fleire land vurderer endringar i sine program for brystkreftscreening, basert på fersk forsking frå Helse Møre og Romsdal.

Publisert 16.09.2019
Sist oppdatert 25.04.2022

Tyding av mammografibilete

– Å tyde bilder for Mammografiprogrammet krev stor konsentrasjon. Det er små ting vi ser etter, seier radiolog og forskar Solveig Roth Hoff.

Etter dei nye funna har det norske mammografiprogrammet allereie justert sine krav til radiologar. EU-kommisjonen sitt brystkreft-initiativ er i ferd med å innføre endringar i sine retningslinjer, og erfarne radiologar i USA etterlyser strukturelle endringar i det amerikanske programmet.

(Denne artikkelen er ein kortversjon. Du kan lese fullversjonen her.)

Volum og presisjon
Trass i fleire tiår med forsking, har det fram til no vore uklart korleis prestasjonane til radiologane blir påverka av tidlegare erfaring og pågåande praksis, samt at radiologane dobbeltsjekkar kvarandre. Nye funn frå Helse Møre og Romsdal talfestar desse effektene.

Dette er brystkreftscreening i Noreg

​Mammografiscreening eller brystkreftscreening er radiologisk undersøking av brysta til kvinner som i utgangspunktet ikkje har symptom på brystkreft.

I Noreg får alle kvinner mellom 50 og 69 år tilbod om mammografi annakvart år. Bakgrunnen for dette er at slike undersøkingar kan avsløre endringar i brysta som er for små til at kvinnene sjølv kan kjenne dei. Slik kan brystkreft bli påvist på eit tidleg stadium.

Av 1000 kvinner som blir undersøkt i Mammografiprogrammet, er det forventa at rundt 30 blir kalla inn til tilleggsundersøking med ny mammografi og/eller ultralyd, ifølge Kreftregisteret.

Av desse vil rundt 18 få beskjed om at funna ikkje er vondarta. Resten, altså rundt 12 kvinner, må ta biopsi av brystet. Av desse får rundt 6 påvist brystkreft som må behandlast.

Alle mammogram med positiv tyding av en eller begge radiologar blir diskutert på konsensusmøte der dei kjem fram til endeleg screeningresultat. En stor del av mammogramma som blir diskutert, endar opp som negative.

– Vår studie er den første som undersøker korleis volumet av tydingar faktisk påverkar presisjonen i denne typen screeningprogram – både når det gjeld talet på årlege tydingar og total erfaring, seier forskar og radiolog Solveig Roth Hoff, førsteforfattar på forskingsartikkelen i det prestisjetunge tidsskriftet Radiology.

Hoff er seksjonsoverlege ved Brystdiagnostisk senter ved Ålesund sjukehus, leiar for Mammografiprogrammet i Møre og Romsdal og leiar i Nasjonal rådgivningsgruppe for Mammografiprogrammet.

Sterkt påverka
Funna viser at evna til å vurdere om ei mammografiundersøking er normal, altså om kvinnene er friske, blir sterkt påverka av erfaring og årleg volum. Ferske radiologar har mange fleire falske positive enn dei erfarne.

Solveig Roth Hoff

– Mammografiprogramma i mange land stiller krav til radiologane sitt tydevolum. Fram til no har ikkje desse krava vore forskingsbaserte, seier Solveig Roth Hoff.

Evna til å påvise kreft blir derimot lite påverka, med unntak av dei radiologane som har veldig store volum av tydingar – dei blir mindre sensitive for å finne krefttilfella.

– På bakgrunn av dette finn vi at det mest gunstige er mellom 4 000 og 10 000 tydingar i året, og erfaring frå minst 20 000 tydingar totalt, fortel Hoff.

Forskarane blei overraska over å finne at eit større volum av årlege tydingar hang saman med redusert evne til å påvise kreft, og trur forklaringa kan vere stor arbeidsbyrde og slitne radiologar.

– Fram til no har ein tenkt seg at dess større volum av tydingar radiologane har, dess flinkare er dei. Våre funn viser at dette ikkje nødvendigvis stemmer, seier Hoff.

Konsensus
I det norske mammografiprogrammet blir kvar mammografiundersøking tyda av to radiologar. Alle positive funn blir diskutert på konsensusmøter. Her avgjer radiologane om funnet treng vidare utgreiing, eller om det kan tolkast som normalt.

– Forskinga vår viser at slike møter reduserer falske positive og reduserer unødvendige tilleggsundersøkingar, seier Hoff.

Solveig Roth Hoff

– Konsensusmøta i Mammografiprogrammet er ein viktig læringsarena der dei ferske radiologane får lære av dei erfarne, samtidig som det er ei viktig sikring av våre vurderingar, seier Solveig Roth Hoff.

For dei mest uerfarne radiologane (med rundt 500 kumulative tydingar) var raten falske positive nærmare 7 prosent før konsensusmøte. Etter konsensusmøte var raten falske positive for dei same radiologane nede på 2,5 prosent.

Den gjennomsnittlege raten falske positive for alle dei norske radiologane ligg på rundt 4 prosent før konsensusmøte, og rundt 2 prosent etter konsensusmøte.

– Erfaring og screeningvolum er viktig for sensitivitet og presisjon, samtidig som det aller viktigaste er å ha minst éin erfaren radiolog på konsensusmøta. Dersom vi tenker økonomi, vil radiologar med eit høgt nok tydevolum gjere at vi treng færre konsensusmøter, forklarer Hoff.

Dei andre medforfattarane på den norske forskingsartikkelen er statistikar Tor-Åge Myklebust i Helse Møre og Romsdal, professor Christoph I. Lee ved University of Washington og Solveig Hofvind, leiar i Mammografiprogrammet.