Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Har gjennomgått faktagrunnlaget i fødesaka

Faktagrunnlaget som låg til grunn for styret sitt vedtak 27. mars om å samle fødeavdelingane i Kristiansund og Molde står i hovudsak ved lag, men ein korrigerer talet på stengingsperiodar ved fødeavdelingane.

Publisert 06.06.2019
Sist oppdatert 14.05.2021
En gruppe mennesker som sitter ved et bord med bærbare datamaskiner
Fra styremøtet i Helse Møre og Romsdal 27. mars

I styresaka blei det opplyst at dette skjer nokre gongar årleg, men ein gjennomgang i etterkant av styremøtet viser at det har vore uplanlagde stengingar om lag ein gong pr. år.

- I begge avdelingane har det vore fleire situasjonar som har utfordra drifta, men som har blitt løyst ved at tilsette har strekt seg langt for å unngå stenging. Vi er lei for at for at informasjonen om tal stengingar ikkje blei riktig, seier Nils Kvernmo, konstituert adm. dir.

Les styresaka her

Gjennomgang av saksgrunnlaget
Det er også retta kritikk mot andre delar av saksgrunnlaget, og den munnlege informasjonen som blei lagt fram før og under styremøtet 27.mars. Styret ba i maimøtet om ei sak som greier ut for påstandane om feil i faktagrunnlaget, og hovudtema som er gjennomgått er:

- Kvalitet og uønskt variasjon
- Keisarsnittfrekvens 2018
- Uplanlagde stegningsperiodar
- Bemanning og rekruttering
- Beredskap- og følgjeteneste
- Avhengigheiter mellom fagområda
- Reiseveg
- Tidspunkt for samanslåing

- Det var ingen enkeltfaktor som var grunnlag for anbefalinga om å samle fødeavdelingane, men ei samla vurdering basert på medisinskfaglege forhold og driftsmessige utfordringar. Gjennomgangen av faktagrunnlaget viser at innhaldet i hovudsak ligg fast, med unntak for korrigeringa av tal stengingsperiodar, seier Kvernmo. 

Tøff tid for fagmiljøa
Sjølv om intensjonane frå føretak og klinikkleiing har vore å legge fram det samla utfordringsbildet, er tilbakemeldingane frå begge fagmiljøa at dei opplever å ha blitt snakka ned anten i saksgrunnlaget eller i debatten som har oppstått i etterkant av styrevedtaket.

- Vi synast det er beklageleg. I saker som inneber eit val mellom to alternativ så kan informasjon som skal forklare kvifor ein gjer eit val skape større avstandar mellom partane, seier Kvernmo.

Tidspunkt for ei samanslåing
I styremøtet 15. mai vedtok styret å utsetje samanslåinga av fødeavdelingane. I styresaken som skal behandlast den 12. juni anbefaler Kvernmo at adm. dir. kjem tilbake med ein styresak i første halvdel 2020 der ein ser på tidsplan for samanslåing, og ei samla plan for funksjonsdeling mellom Molde og Kristiansund frem mot SNR.

Framover vil føretaket og klinikken arbeide med å knytte fagmiljøa tettare saman uavhengig av tidspunkt for fysisk samanslåing, og ein vil også arbeide vidare med ulike tiltak som skissert i styresak 26/19

LENKE til tidlegare styresaker 26/19 og 36/19