-Aldri har det vore produsert fleire registrerte
publikasjonar i Helse Møre og Romsdal enn i 2018. Forskingsbudsjettet har ikkje
vore auka siste åra og at forskingsproduksjonen allikevel aukar er svært
gledeleg, seier forskingssjef i Helse Møre og Romsdal Berit K. Teige.
Forskings- og innovasjonsmeldinga for Helse Møre og
Romsdal gjev eit oversyn over forskingsaktiviten i føretaket. Fleire av
forskarane og «innovatørane» har starta opp grensesprengande forskings- og
innovasjonsprosjekt som materialiserar seg i artiklar, føredrag og endring i
pasientbehandling. Det er styret som godkjenner meldinga.
- Vi har mykje interessant å formidle innan forsking,
dette er fordi vi har proaktive, engasjerte og dyktige forskarar og
klinikarar i sjukehusa som brenn for det dei gjer. Det er derfor naturleg å
rette ein stor takk til alle dei som er pådrivarar og bidreg til å
vidareutvikle forsking og innovasjon, seier Teige.
Les meldinga på nett – last ned melding