Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Starta forskarreisa på protokollskulen

Gjennom protokollskulen lærer tilsette i helsevesenet korleis ein planlegg og gjennomfører eit forskingsprosjekt. For nevrolog Kristina Devik fra Helse Nord-Trøndelag og Anett Skorpen Tarberg frå Helse Møre og Romsdal blei det starten på spanande studier.

Publisert 11.01.2019
Sist oppdatert 13.08.2021

-Det er eit lite forskingsmiljø ved Sykehuset Namsos. Her på studiet får eg jobbe med å utvikle ideen min til ein ferdig prosjektprotokoll, og samtidig treffe andre kollegaer som er i same situasjon.

Det sa overlege ved Nevrologisk og nevrofysisk avdeling ved Sykehuset Namsos, Kristina Devik, då ho deltok på protkollskulen hausten 2016.

Protokollskulen, offisielt kalla "Helseforsking - frå idè til prosjektprotokoll" er ei satsing mellom Helse Møre og Romsdal, Helse Nord-Trøndelag, og NTNU, og kvalifiserar til 7,5 studiepoeng ved NTNU.

Målet med vidareutdanningskuset er at fleire tilsette skal kunne kvalifisere seg til opptak og finansiering av forskarutdanning (Ph.d), og er ope for tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta.

Årets protokollskule startar opp 20. mars, med søknadsfrist 4. februar. For tilsette i Helse Møre og Romsdal og Helse Nord Trøndelag vert reise og opphald dekka av helseføretaket. For å lese meir om studiet og søke plass, sjå NTNU sine heimesider  https://www.ntnu.no/videre/gen/-/courses/nv17889

Jobbar med prosjekt om Botox-behandling
Etter deltakinga på protokollskolen jobbar Kristina Devik no med eit forskingsprosjekt for å sjå om Botox-injeksjonar kan hjelpe som behandling mot tensjonstype-hodepine.

Vil lindre spenningshodepine med Botox

Vil lindre spenningshodepine med Botox


Prosjektet var blant dei som blei tildelt forskingsmidlar frå Helse-Nord Trøndelag for 2019.

-Det var under protokollskulen, og samarbeidet med nokre av rettleierane mine, at eg verkeleg fekk tent forskingsgnisten i meg. Eg veit ikkje om eg hadde vore der eg er no om det ikkje var for kurset, seier Devik.

I prosjektet skal pasientar med spenningshodepine få injisert Botox i musklar i hovudet, som er venta å gje ei førebyggande og smertelindrande effekt. Prosjektet vil gå i samarbeid med Nasjonalt Kompetansesenter for hodepine (St. Olavs hospital).

Devik seier ho jobba med ein anna idè enn botox-studien under protokollskulen, men at ho tok med seg lærdommen frå kurset inn i si noverande studie.

-Det å klare å starte opp eit nytt forskingsprosjekt, utarbeide problemstilling, skrive forskingsprotokoll og følge heile forskingsforløpet fra starten av, var egenskapar eg tok med meg frå protokollskulen, seier ho og oppfordrar samstundes andre til å søke på kurset.

Dette er ei ypparleg moglegheit til å tilegne seg den kunnskapen ein treng for å starte å forske, og å jobbe tett med dyktige rettleiarar, seier ho.

Ser på lindrande behandling i kommunane
Ein annan forskar som har dratt stor nytte av protokollskulen er kreftsjukepleiar og stipendiat ved Klinikk for medisin og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal, Anett Skorpen Tarberg.

Protokollskolen_AnettSkorpenTarberg.jpg

Ser på lindrande behandling i kommunane


Ho jobbar med ein kvalitativ studie for å utvikle kunnskap om korleis helsepersonell i kommunehelsetenesta erfarar lindrande (palliative) pasientforløp.

Her vil ho sjå på kva som bør ligge til grunn for gode forløp, og har blant anna utført fokusgruppeintervju i seks kommunar på Sunnmøre.

Ho seier ho søkte seg til protokollskulen etter ei mastergrad i avansert, klinisk sjukepleie.

-Eg trengte hjelp til å utarbeide ein forskingsprotokoll, og kurset blei ein svært lærerik prosess for meg. Eg hadde nok ikkje vore inne i eit ph.d-løp om eg ikkje hadde delteke på protokollskulen, seier Skorpen Tarberg, som har fått midlar til ph.d-studien frå HMR.


-Eg anbefaler eit slikt kurs både for den som tenker på eit vidare løp som ph.d-student, dei som er inne i eit ph.d.-løp eller dei som ønsker hjelp til å skrive ein vitskapleg artikkel.

-Mi oppleving var gode og relevante førelesingar og tett oppfølging frå kursansvarlege.

-Mange spanande forskingsidear
Forskingssjefane i dei to føretaka, Bodil Landstad og Berit Kvalsvik Teige var to av initiativtakarane til å opprette protokollskulen.

Kvalsvik Teige seier studentane på kurset er svært ivrige, og har kome fram til mange spanande forskingsidear.
-Det er veldig artig å sjå at det finns så mange gode initiativ i helseføretaka våre, seier ho, og fortel at kvar deltakar får tilrettelegging.  
-Støttespelarar med ulik kompetanse er nødvendig for å utforme ein god forskingsprotokoll. Etter endt kurs skal studentane ha kunnskap om ulike vitskaplege tilnærmingar, og vere i stand til å vurdere kvalitet i forsking og utforme klare og relevante forskingsspørsmål.

Dei to forskingssjefane seier at kurset også er med på å styrke samarbeidet mellom helseføretaka, som kjem både forskinga og fagutviklinga til gode.

Kurset vert arrangert i lokaler hos både Helse Nord-Trøndelag og Helse Møre og Romsdal. Delar av studiet er basert på e-læring