Denne modellen går vidare til skisseprosjektet i SNR
Prosjektet Sjukehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) har gått vidare med tre modellar frå mogelegheitsstudiet, der éin modell står fram som den sterkaste. – Denne modellen vil vi prioritere å jobbe meir med, seier prosjektdirektør for SNR, Bjørn Remen.
I mogelegheitsstudiet er ulike modellar vurdert opp mot kriteria funksjon, flyt, arkitektur, robusthet, landskap, trafikk, miljø og energi, teknikk, byggteknikk og økonomi/investeringskostnad. Til slutt er modellane «hus 3», «base med tårn» og «terrassert» vurdert opp mot kvarandre, der «hus 3» er vurdert som den sterkaste. Samtidig med diskusjonane om planskisse for sjukehuset, arbeider ein parallelt med spesialisthelsetilbodet i Kristiansund.
LENKE: Kva er mogelegheitsstudiet i prosjektet?
Hus3 | Base med tårn | Terrassert |
Klart best på funksjon og flyt
Modellen «hus 3» skårar klart best på kriteria funksjon og flyt. Her er det sett på nærleik for pasient og besøkande, nærleik for personalflyt, nærleik for sentrale funksjonar, god trafikkseparering, gode behandlingsforløp, god varelogistikk, god pasientflyt og god personalflyt.
– Desse kriteria er vekta tungt av prosjektet, og modellen «hus 3» er den einaste som skårar godt både på funksjon og flyt, fortel prosjektdirektør Bjørn Remen.
Klikk her for å sjå overordna evalueringskriterium
Står seg godt i endring
Prosjektleiar i Sykehusbygg HF, Pål Ingdal, fortel at prosjektet har søkt etter å få til eit funksjonelt og robust alternativ som kan gjennomførast innan ei god økonomisk ramme.
– Robustheit går ut på at konseptet skal kunne tilpasse seg andre arealkrav og tole mest endring. Det skal vere fleksibelt og tole endring også etter at sjukehuset er bygd, forklarer Ingdal. Prosjektet har vurdert at modellen «hus 3» er den modellen som står seg best i endring.
Modellen «base med tårn» best økonomisk
Evalueringa viser at modellen «base med tårn» kjem best ut når det gjeld investeringsøkonomi. Det er gjort ei grov vurdering av investeringskostnaden basert på arealet av ytterflatene og driftskostnader/årskostnader.
– Men det billigaste alternativet løyser ikkje nødvendigvis oppgåva, seier arkitekt Johannes Eggen, og viser til at alternativet «base med tårn» skårar raudt etter kriteria funksjon og flyt.
– Og raudt betyr styr unna, understrekar Eggen.
– Kva betyr det at modellen «hus 3» har gul skår etter evalueringa?
– Det betyr at samanlikna med ein annan modell, så blir det litt dyrare. Alle modellane som er presentert skal kunne realiserast innan dei økonomiske rammene som er gitt i prosjektet, svarer Eggen.
Vegen vidare
Modellen «hus 3» er den modellen som no går vidare til skisseprosjektet. I skisseprosjektet set ein hovudstruktur for dei kliniske funksjonane, hovudtrafikkårar i bygget, logistikk og pasientflyt inkludert vareforsyning. Denne fasen inkluderer også arkitektonisk konsept med teikningar av fasadar, prinsippløysingar for teknikk, logistikk og trafikk og planteikningar av dei kliniske funksjonane sin hovudstruktur.
Relatert
Utforskar modellar for nytt sjukehus
Tidsplan 2015/2016
Siste nyheitsbrev om SNR
Publisert: 22.12.2015