Ny prosjektleiar i SNR

Astrid Johanne Brandshaug frå Kristiansund

I juni blei Merete Hagbø frå Molde tilsett som ein av to prosjektleiarar i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). I dag kan Helse Møre og Romsdal presentere Astrid Johanne Brandshaug frå Kristiansund som skal tre inn i den andre stillinga.

Nytilsett prosjektleiar i SNR, Astrid Johanne Brandshaug.

Brandshaug er avdelingssjef for medisinsk avdeling i Kristiansund og har bakgrunn som sjukepleiar. 
 

Leiarposisjonar frå Kristiansund og Molde

Dei siste åra har ho vore i ulike
leiarposisjonar i dei medisinske avdelingane i Kristiansund og Molde.
 

- Pasienten har alltid lagt meg nærast, og det er av omsyn til pasientane eg tek jobben, seier Brandshaug.

- Arbeidet med planlegginga av eit framtidig sjukehustilbod i Møre og Romsdal og SNR er i gang, og eg ønskjer å bidra slik at behova til pasientane i Nordmøre blir tekne med i planlegginga og i resultatet, fortel ho vidare.

- Nødvendig å delta

Brandshaug har ikkje personlege ambisjonar med stillinga, men ønskjer å få gode krefter i fagmiljøa ved sjukehusa og befolkninga til å vere ein viktig del av dialogen inn i prosjektet.

– Eg meiner at det er nødvendig å delta i arbeidet for å få påverke, seier den ferske prosjektleiaren.

- Eg har søkt råd med medarbeidarar og sterke fagfolk i eige sjukehusmiljø, og kjenner at eg har tillit, seier ho avslutningsvis.

Begge prosjektleiarane er på plass

- Vi er svært nøgd med at vi no også har på plass ein prosjektleiar frå Kristiansund. Stillinga er ein  viktig posisjon for å sikre at fagmiljøet ved Kristiansund sjukehus blir sterkt involvert i prosjektet, seier Espen Remme administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
 

Arbeidsoppgåva til dei to prosjektleiarane er å vere eit bindeledd mellom dei tilsette i sjukehusa, kommunar, eksterne aktørar og prosjektorganisasjonen. Dei rapporterer til prosjektdirektør Bjørn Remen frå Sjukehusbygg, som blei tilsett i juni i år.
 

Astrid Johanne Brandshaug startar i stillinga i løpet av september, medan Merete Hagbø hadde sin første arbeidsdag den 1. september.

Les meir om prosjektorganiseringa og tidsplan her.
Les også: Har valt rådgivande ingeniør og arkitekt for SNR

Publisert: 07.09.2015