- Eg set pris på engasjementet til dei tilsette og skjønar bakgrunnen for det. Alternativa som blei presentert ikkje er eit signal om at slik skal det bli. Framover skal det vere gode lokale prosesser der både tilsette, kommunar og involverte partar er involvert, seier helseministeren.
Adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal var saman med Helse Midt-Noreg vertskap for besøket frå departementet, og fortel at helseføretaket no førebur seg på det lokale utviklingsplanarbeidet. - Parallelt med Stortinget si behandling vil Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal starte arbeidet med eigne utviklingsplaner, seier Espen Remme. Direktøren meiner også at det er ikkje grunnlag for å konkludere noko i høve til framtidige funksjonar ved Volda sjukehus, før dette arbeidet er gjennomført. – Tidleg neste år skal vi ha ei styresak der vi skisserer korleis vi planlegg prosessen framover, og vi reknar med å bruke 2016 og delar av 2017 på dette arbeidet, seier Remme.
Dei siste 30 minutta av besøket blei brukt til omvisning og samtalar med leiarar ved klinikk for kirurgi, og føde- og barselavdelinga ved sjukehuset.
Helse- og omsorsminister Bent Høie besøkte Volda sjukehus i samband med nasjonal helse- og sjukehusplan.
Publisert: 16.12.2015