Stadig fleire oppsøker overgrepsmottak

Overgrepsmottaket yter viktig bistand til personer som har opplevd anten seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar. Statistikken viser at det har vore ein jamn auke av pasientar etter at overgrepsmottaket opna i 2008. 

Så langt har 32 personer meldt om seksuelle overgrep i 2015. I 2010 blei det meldt om totalt 16. Dette er ei firedobling i forhold til 2008. -Statistikken belyser mange av dei seksuelle overgrepa som finn stad, men leiar for overgrepsmottaket Judith Molvær har grunn til å tru at mørketala er store og ønsker derfor å minne publikum om tilbodet.

​Omsorg i trygge omgjevnader

- Undersøkinger viser at berre 10-15 % av personane som blir utsatt for seksuelle overgrep oppsøker helsevesenet for å  få hjelp. Som leiar for overgrepsmottaket er Molvær  ansvarleg for eit breidt samansett team av spesialopplært personell som til ei kvar tid er klar for å bistå menneske som er i ein svært vanskeleg livssituasjon.

Vald i nære relasjoner

Statistikken viser  ei sterk auke på antal saker som gjeld vald i nære relasjonar. I 2010 vart det registrert  to saker, i 2015 er talet no på 36. Overgrepsmottaket kan også bistå personar som har vore utsatt for vald. 

Mange er ikkje klar over tilbodet

Judith Molvær understrekar at det er svært viktig å oppsøke overgrepsmottaket så raskt som mogleg etter eit overgrep. 

- Alle som søkjer hjelp hos oss får medisinsk undersøking for å avklare smitte og graviditet. Her får ein og sikra bevis i tilfelle hendinga skal meldast til politiet. Vi forklarar kva rettar pasienten har og gir også hjelp til å skaffe bistandsadvokat, i voldtektssaker er advokattenesta gratis. Ein kan motta heile eller delar av tilbodet, forklarer Molvær.

 

Ny avtale signert i dag

Overgrepsmottaket er i dag drifta av Ålesund kommune.  I den nye avtalen vil Helse MR ta over det økonomiske ansvaret for tenesta som gjeld seksuelle overgrep.  Avtalen blei signert mellom adm dir Espen Remme frå HMR og rådmann Astrid Eidsvik.

Publisert: 14.12.2015