Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

- Ein merkedag for pasientane i Møre og Romsdal

Eit samla styre vedtok i dag å støtte tilrådinga frå adm.dir, Espen Remme i HMR i val av konsept for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).

Guri Viken
Publisert 25.11.2016
En gruppe mennesker som sitter ved bord med bærbare datamaskiner

​Styret går inn for å byggje eit moderne og framtidsretta akuttsjukehus på Hjelset og eit distriktsmedisinsk senter ved  Kristiansund sjukehus med tilbod om dagkirurgi innan ortopedi og gynekologi.

- Dette er ein merkedag og eit stort skritt vidare for pasientane i Møre og Romsdal. Eit samla styrevedtak vil gi styringsfart og kraft inn i det vidare arbeidet. Det verker forhåpentlegvis samlande og inspirerande, og eg trur grunnlaget for å få realisert prosjektet er forsterka gjennom vedtaket i dag, seier styreleiar Stein Kinserdal.

Viktig å stå samla

Før møtet var det knytt spenning til om ein ville oppnå eit samla styrevedtak.  Under styremøtet i august utrykte fleire styremedlemmar at dei var skeptiske til å splitte dagkirurgi på to stader.  I august var nestleiar i styret, Petter Bjørdal, éin av fleire som bad om å få framlagt eit betre grunnlag som skulle ta for seg driftsøkonomien knytt til verksemdsalternativa i Kristiansund. På dagens styremøte roste fleire av styremedlemmane utgreiingane som er gjennomført i haust og meiner det har gitt styret eit betre grunnlag for å fatte eit vedtak.

- Eg meiner at dette vedtaket bringer oss best mogleg saman, og gir ei god og framtidsretta løysing. Forhistoria har vore med på å prege mykje av utfordringane vi har, seier Espen Remme adm.dir. i HMR som meiner at i ein kunnskapsorganisasjon er avhengig av å få med seg personalet på dei bevegelsane ein skal gjennom.

Ros til arbeidet

Styret var opptatt av å rose alle som har bidrege i arbeidet i konseptfasen. Fleire påpeika at det er eit godt og grundig grunnlag som er lagt fram for styret. Fleire i styret trakk også fram at det i forprosjektet vil vere sentralt å sikre ei god kopling mellom arbeidet med organisasjonsutviklinga i helseføretaket og SNR-prosjektet. For å lukkast med prosjektet må ein sikre at organisasjonen er forberedt  med føremål om å setje Helse Møre og Romsdal i stand til å møte framtidige utfordringar og nå
samfunnsmåla. 

Vidare behandling i Helse Midt-Norge

Tilrådinga frå styret i HMR skal no vidare til behandling i styret i Helse Midt-Norge 8. desember.


Vedtaket frå styret i Helse Møre og Romsdal

1. I tråd med oppdrag gjeve i føretaksmøte legg styret for Helse Møre og Romsdal HF (HMR) gjennom denne styresaka fram si tilråding overfor Helse Midt-Norge RHF (HMN), for val av konsept for prosjektet Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), og tilrår vidare at prosjektet SNR får klarsignal til å gå inn i forprosjektfasen i januar 2017.

2. Styret vil gje ros til tilsette, brukarar, samarbeidspartar, prosjektstyret og prosjektorganisasjonen for eit særs solid arbeid i utgreiinga av SNR konseptet, og vil samstundes takke alle som har gjeve høyringsuttalar.

3. Styret vil tilrå konseptalternativ 2A; Utbygging av felles akuttsjukehus på Hjelset (alternativ 2) og ombygging av eksisterande sjukehus i Kristiansund. Dagkirurgi i Kristiansund inngår i dette alternativet.

4. Styret understrekar at naudsynt omstilling i HMR før innflytting i SNR er
avgjerande for å sikre økonomisk berekraft både for SNR og for å skape rom for naudsynt medisinteknisk utstyr og vedlikehald av bygningsmassen i helseføretaket. Styret viser til langsiktig avtale om økonomi og omstilling mellom styret for HMN og styret for HMR.

5. HMR skal samstundes med forprosjektet SNR revidere utviklingsplanen for føretaket, og desse to planprosessane må sjåast i samanheng, og styret tilrår derfor følgjande rammer:

a. Styringsmålet for prosjektet SNR i tråd med utrekningar i
konseptarbeidet på 4,1 MRDNOK (P50).

b. Revideringa av utviklingsplanen vil synleggjere behov for
investeringar som utvidar føretaket sitt likviditetsbehov i åra 2018-
2022, anten i SNR-prosjektet eller i føretaket elles, og styret ber
derfor om at HMN søkjer om finansiering i tråd med ramma i
HMN ØLP som er 4,3 MRDNOK (P50).

6. Styret peikar på restarealet i Kristiansund sjukehus ut over det spesialisthelsetenesta skal nytte, og ber adm. dir. om å gå i dialog med Kristiansund kommune og/eller andre aktuelle eigedomsutviklarar for snarleg å avklare driftsmodell og eigedomsforholda, slik at ein for føretaket reduserer arealmessig risiko.

7. Styret tek arbeidet med «Konsekvensanalyse/ROS-analyse Konseptfasen SNR» til orientering, og ber om at denne vert lagt til grunn for vidare arbeid med risikoreduserande tiltak i forprosjektet.

8. Styret tek forbetringspunkt frå Kvalitetssikring av Konseptval (KSK) til orientering og ber om at desse vert lagt til grunn for vidare arbeid. Økonomiske forhold må følgjast tett opp.

9. I eit framtidsretta sjukehusprosjekt som SNR skal også organisering av fagmiljø, samarbeidslinjer og arbeidsprosessar utvikle seg, og styret ber derfor om at OU-arbeidet knytt til SNR vert prioritert høgt i forprosjektfasen, og at det vert sett i samanheng med HMR sitt pågåande OU-arbeid.